Ledig stilling som sjeføkonom

Konkurransetilsynet søkjer ny sjeføkonom. Vi ser etter ein person som har solid og brei erfaring frå arbeid med konkurranseøkonomiske problemstillingar, og som er trygg og tydeleg i leiarrolla med ein motiverande og inspirerande leiarstil. Professorkompetanse vil være ein fordel.


Arbeids- og ansvarsområde
Du vil ha ansvar for leiinga av økonomisk stab i Konkurransetilsynet, inkludert personal- og budsjettansvar. Du vil ha ansvar for kvalitetssikring av konkurranseøkonomiske analysar som utførast i regi av Konkurransetilsynet. Du vil jobbe med utgreiing av konkurransefaglege problemstillingar, arbeide aktivt for å synleggjere og forbetre tilsynets omdøme og kompetanse.
Du vil halde eksterne foredrag og stillinga gir utstrakt kontakt med eksterne fagmiljø. Du vil bidra til at tilsynet si faglege kompetanse held eit høgt nivå. Du rapporterer til konkurransedirektøren, vil delta i leiargruppa og jobbe saman med leiinga i tilsynet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du har høgare utdanning innanfor samfunnsøkonomi (PhD).
Du har erfaring frå analysar av konkurranseøkonomiske problemstillingar.
Du har relevant erfaring frå offentleg eller privat verksemd.
Du har gode språkkunnskapar og god framstillingsevne, både på norsk og engelsk.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Du har gode leiareigenskapar, er trygg og tydeleg i leiarrolla.
Du har stor arbeidskapasitet, er resultatorientert, analytisk og initiativrik.

Vi tilbyr
I Konkurransetilsynet er dei tilsette den viktigaste ressursen og vi legg derfor vekt på at alle tilsette skal ha gode utviklings- og karrieremulegheiter og trivast med sine arbeidsoppgåver og kollegaer. Konkurransetilsynet har fleksibel arbeidstid og ei god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. I tillegg har tilsynet kantineordning, eige bedriftsidrettslag, tilgang til treningsfasilitetar og gode ordningar tilknytt bedriftshelse.

Konkurransetilsynet legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmoda alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Konkurransetilsynet ønskjer å realisera regjeringas mål tilknytt inkluderingsdugnaden om at minst 5% av dei ny tilsette i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV’en. Konkurransetilsynet legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforholda for personar med nedsett funksjonsevne.

Stillinga blir lønna som direktør (stillingskode 1062) og fastsetjing av lønn etter avtale ut frå kvalifikasjonar.

Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan gjerast offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjer lista, jf. offentleglova §25. Dersom ein søkjer ønskjer å reservera seg frå ei offentleg søkjer liste, må dette grunngjevast.

Spørsmål om stillinga kan rettast til konkurransedirektør Lars Sørgard, tlf. 916 11 898 (e-post: laso@kt.no).

SØK ELEKTRONISK VIA DENNE NETTSIDA >>

Søknadsfrist: 16. juni 2020

Zander Kaaes gate 7
Konkurransetilsynet har kontorlokaler Zander Kaaes gate 7 i Bergen.