Årsrapport for 2020
Covid-19 har prega arbeidet til Konkurransetilsynet i 2020. Som mange andre organisasjonar har tilsynet frå mars 2020 i stor grad nytta heimekontor. Trass covid-19, har aktiviteten vår vore høg i året som har gått. I løpet av det siste året har Konkurransetilsynet komme med tre vedtak og to varsel i etterforskingssaker, og lagt ned forbod mot ein føretakssamanslutning. Tilsynet har òg vedtatt eller varsla gebyr i tre saker som omhandlar mangelfull/feilaktig informasjon om fusjonar og oppkjøp. Konkurransetilsynet har påpeika konkurranseskadelege reguleringar og gitt innspel til korleis nye reguleringar kan utformast slik at dei fremmar og ikkje avgrensar konkurranse.