Konkurransepodden: Skjebnetime for fusjonskontrollen

I sommar kom EU-domstolen med avgjerd i ei fusjonssak som har fått stor merksemd i Europa. Mobilselskapet Hutchison ville kjøpe konkurrenten O2 i 2015, men fekk nei av EU-kommisjonen, fordi det ville avgrense konkurransen og gi britiske forbrukarar eit dårlegare tilbod. Etter to ankerundar har EU-domstolen no komme med ei rekkje viktige avklaringar om konkurransestyresmakter si vurdering av fusjonar og oppkjøp. 

I denne episoden forklarer økonom Magnus Friis Reitan kva dommen kan bety for fusjonskontrollen i Europa og Noreg. 

– Mange spådde at denne saka ville tvinga EU til å bli mindre streng i fusjonssaker. Underretten oppheva forbodet frå EU-kommisjonen, som sa at Hutchison og O2 ikkje fekk slå seg saman. No er det klart at EU-domstolen avviser Underretten sine vurderingar, og dermed vil likevel ikkje Underretten sin dom skape store endringar i fusjonskontrollen. Sidan fusjonskontrollen i Noreg også tek omsyn til EU-praksis, har denne saka betydning også her, seier Magnus Friis Reitan. 

Du kan høyre Konkurransepodden i Acast, Itunes, Spotify eller der du føretrekkjer å høyre podkast. 

42785
Magnus og Siri med podcastmikrofon