Konkurransetilsynet godkjenner Rema 1000 AS sitt oppkjøp av Lidl Norge GmbH. Føresetnaden er at Rema 1000 tilbyr ein konkurrent å kjøpe eller leige eitt av dei to butikklokala i Nordfjordeid.
Bakgrunnen for inngrepet er at oppkjøpet vil svekkje konkurransen vesentleg i den lokale daglegvaremarknaden i Nordfjordeidområdet. Gjennom oppkjøpet aukar Rema 1000 sin marknadsdel i dette området til over 50 prosent, og talet på aktørar vert redusert frå fire til tre.
For å redusere dei negative verknadene av oppkjøpet, må Rema 1000 tilby eitt av dei to butikklokala dei disponerer i Nordfjordeid til ein konkurrent som i dag ikkje er etablert i området. Tilbodet kan ha form av eit tilbod om leige eller eit tilbod om kjøp.