Internasjonalt regelverksarbeid i den digitale økonomien

Digital Markets Act (DMA)

Forordninga om digitale marknader (DMA) stiller krav til dei største tek-verksemdene som er utpeikt som portvaktarar («gatekeepers»). Føremålet er å styrke konkurransen på digitale marknader. DMA er for tida til vurdering i EØS/EFTA-landa.

DMA skal sikre openheit og rettferd for alle brukarar og verksemder i den digitale økonomien. Store digitale aktørar, som oppfyller dei objektive kriteria for å være portvaktarar, må overhalde ei rekkje pliktar og forbod. DMA supplerer dei nasjonale konkurransereglane.

Det er Europa-Kommisjonen som avgjer kven som oppfyller kriteria for å vere portvaktarar. Felles for portvaktar er at dei tilbyr såkalla sentrale plattformtenestar, som bind saman eit stort tal brukarar på kvar si side av plattforma, til dømes verksemder og kundane deira. Sentrale plattformtenester kan mellom anna vere søkemotorar, app-butikkar og meldingstenester. Per september 2024 er Alphabet, Amazon, Apple, ByteDance, Meta, Microsoft og Booking utpeika som portvaktarar.

DMA legg opp til ein konkurranserettsleg førehandsregulering som pålegg portvaktene plikter og forbod. Portvaktarane skal til dømes:

  • La tredjepartar fungere saman med portvaktaren sine eigne tenester i særlege høve,
  • Gje verksemder tilgang til data dei genererer når dei brukar portvaktaren si plattform,
  • La verksemder promotere sitt tilbod og inngå avtalar med sine kundar utanfor portvaktaren si plattform.

Portvaktarane skal til dømes ikkje:

  • Gje eigne varer og tenester betre rangering enn tilsvarande varer og tenester som tredjepartar tilbyr på portvaktaren si plattform,
  • Hindre sluttbrukar frå å fjerne førehandsinstallert programvare eller applikasjonar,
  • Hindre sluttbrukar frå å inngå avtale med verksemder utanfor portvaktaren si plattform,
  • Samanstille data på tvers av ulike tenester eller plattformar utan eksplisitt samtykke frå sluttbrukar.

Det er Europa-Kommisjonen som handhevar DMA, mellom anna ved å avgjere om ein portvaktar har brote reglane og ved å gje bøter.

Digital Markets Act vert mykje diskutert i alle konkurransemiljø, både myndigheiter, konkurranserettsadvokatar og akademikarar.

Digital Services Act (DSA)

Forordninga om digitale tenester (DSA) regulerer internettaktørar og digitale plattformer, som til dømes digitale marknadsplassar, sosiale nettverk, applikasjonsbutikkar og reise- og innkvarteringsplattformer.

Forordninga om digitale tenester (DSA) regulerer internettaktørar og digitale plattformer, som til dømes digitale marknadsplassar, sosiale nettverk, applikasjonsbutikkar og reise- og innkvarteringsplattformer. Rettsakta har som hovudformål å førebygge ulovlege og skadelege aktivitetar på internett og spreiing av desinformasjon. DSA beskyttar forbrukarane og deira grunnleggande rettar på internett, og fremmar innovasjon, vekst og konkurranseevne.

Meir om Digital Services Act .

Et oversiktsbilde over gatekeepere i DMA. Til venstre en kolonne med Alphabet, Amazon, Apple, Booking, ByteDance, Meta og Microsoft. Til høyre, "Core Platform Service" i hver av kategoriene Social network, N-IICS, Intermediation, Ads, Video sharing, Search, Browser og Operating system.
EU-kommisjonen sin oversikt over verksemder som er utpeikt til "gatekeepers" eller portvaktarar.

Konkurransetilsynet si rolle

Konkurransetilsynet deltek aktivt i formelle og uformelle forum gjennom EØS-samarbeidet, for å sikre tidleg norsk medverknad i regelverk- og politikkutforming. Tilsynet må kontinuerleg vurdere om handhevingsverktøya ein har i dag er tilstrekkelege i den digitale økonomien. Vi følgjer opp internasjonale prosessar i EU og OECD for å fange opp trendar og grunnlag for vidare utvikling av regelverk. Ei viktig oppgåve for tilsynet er å gje innspel til Nærings- og fiskeridepartementet, slik at det mellom anna blir korrekt innføring av EØS-regelverket i norsk rett.

Nordisk rapport

I 2020 publiserte Konkurransetilsynet ein rapport om konkurransespørsmål i digitale marknader saman med andre nordiske konkurransetilsyn. Rapporten er eit bidrag til debatten om handheving av konkurranseregelverk i digitale marknader og reglar for digitale plattformer.

ECN

Konkurransetilsynet deltek i arbeidsgrupper i European Competition Network, som har ei eiga arbeidsgruppe om digitale marknader.