Det viser ei kartlegging frå Konkurransetilsynet. Den viser også at daglegvarekjedene hadde lågare marginar for eigne merkevarer (EMV) enn merkevarene i utvalet.
Konkurransetilsynet har henta inn tal frå dei tre store daglegvarekjedene og fleire leverandørar som til saman dekkjer eit breitt vareutval i butikkane. Perioden for kartlegginga er 2020 til og med første halvår 2023. Basert på desse tala har tilsynet for kvart halvår berekna:
- Brutto- og dekningsmargin for leverandørar
- Bruttomargin for daglegvarekjedene (detaljist- og grossistledd samla)
Ved å kartlegge bruttomarginar finn ein kor mykje leverandørane eller daglegvarekjedene tar i prosent ut over innkjøpskostnader. Dette skal dekke andre kostnader ved å produsere, frakte og selje produkta.
– Resultata viser at det var stor skilnad på innteninga på ulike produkt i daglegvarebutikkane. Daglegvarekjedene tente til dømes meir på å selje sjokolade og snacks enn på å selje kjøt, seier Beate Milford Berrefjord, avdelingsdirektør ved Konkurransetilsynets avdeling for mat, handel og helse.
Ifølge undersøkinga var det stor variasjon i daglegvarekjedene sine bruttomarginar på tvers av ulike produktkategoriar, og på tvers av ulike leverandørars produktutval. Eksempelvis var daglegvarekjedenes bruttomargin på sjokolade og snacks over 40 prosent i perioden for både EMV og merkevarer, medan den låg nær null for sal av kjøt (EMV).
Kartlegginga viser at det i perioden også var stor variasjon i marginane til leverandørane, og at 70-95 prosent av driftskostnadene var knytt til innkjøp.
Konkurransetilsynet har også samanlikna utviklinga for merkevare- og EMV-produkt gjennom perioden, og finn at daglegvarekjedenes overordna bruttomargin for EMV var 12 prosentpoeng lågare enn for utvalet av merkevareprodukt som er kartlagt. Noko av grunnen til denne skilnaden ligg i at det er kartlagt eit utval merkevareprodukt, medan for EMV er det meste kartlagt. Det er produktkategoriar der EMV har svært låg margin som ikkje er kartlagt for merkevare.
– Kartlegginga gjev ikkje grunnlag for å seie noko om daglegvarekjedene kryssubsidierer mellom merkevare og EMV i ulike produktkategoriar, seier Kathrine Tvedt Lavik, seniorrådgivar ved Konkurransetilsynets avdeling for mat, handel og helse.
Her finn du heile del 2 av marginstudien:
Del 2. Kartlegging av marginer ved bruk av informasjon på produktnivå
Fakta:
- Daglegvarekjedene sine gjennomsnittlige marginar på kartlagde merkevarer i perioden:
- Sjokolade og snacks: mellom 51 og 56 prosent
- Alkoholfri drikke: mellom 29 og 36 prosent
- Daglegvarekjedene sine gjennomsnittlige marginar på kartlagde EMV i perioden:
- Sjokolade og snacks: mellom 42 og 46 prosent
- Alkoholfri drikke: mellom 22 og 29 prosent
- Kjøt: mellom -4 og 5 prosent
- Egg: mellom 3 og 17 prosent
- Sjømat: mellom -5 og 8 prosent
- Daglegvarekjedene sine bruttomarginar knytt til dei ulike leverandøranes produktutval var i perioden mellom om lag 20 og 60 prosent.
- Kartlegginga er andre del av Konkurransetilsynet si marginundersøking i daglegvaremarknaden. Den er utført på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Delrapport 1 kan lesast her.
Pressetelefon: 47 66 77 77