Konkurransepodden: Kvifor går ikkje dagligvareprisane ned?

Prisen på daglegvarer går framleis i feil retning, og vi høyrer at daglegvarekjedene tener stadig meir. Kor mykje meir kan gjerast for å få ein betre konkurransesituasjon i den norske daglegvaremarknaden?

I denne episoden av Konkurransepodden tek vi for oss kva som er gjort av tiltak for å betre konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden, og vi spør oss kva meir som kan gjerast for å leggje til rette for fleire konkurrentar.

Beate Berrefjord, avdelingsdirektør for avdeling mat, handel og helse, losar oss gjennom det som er gjort for å betre konkurransesituasjonen i marknaden. Ho snakkar og om hinderet som kan føre til størst effekt.

Det er gjort mange tiltak for å betre konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden, men vi kjem ikkje utanom at slik importvernet er innretta i Noreg i dag, utgjer det det største etableringshinderet for nye konkurrentar, seier Berrefjord.

Du kan høyre Konkurransepodden i Acast, iTunes, Spotify eller der du føretrekk å høyre podcast.

48639
Bilde av to kvinner i et podcaststudio.
Kommunikasjonsdirektør Margrethe Gudbrandsen og avdelingsdirektør Beate Berrefjord i Konkurransetilsynets podcaststudio.

Pressetelefon: 47 66 77 77