Konkurransetilsynet tildeler til saman to millionar kroner i tilskotsmidlar til tre forskingsprosjekt innan konkurransefagleg forsking.
Totalt åtte prosjekt søkte om tilskot.
– Vi er glade for å ha motteke ei rekkje søknadar. Prosjekta som får tildelt pengar i år vil kunne bidra med innsikt om fusjonskontrollen, norsk rettspraksis innan konkurranserett og konkurransen i marknaden for bustadlån, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad.
Etter ei samla vurdering av søknadane er det følgande tre prosjekt som får midlar:
Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) er tildelt midlar på 1 225 752 kroner til prosjektet ”Merger Control in Dynamic Markets”. Prosjektet skal leiast av professor Lars Sørgard ved Norges handelshøyskole. Formålet med prosjektet er å analysere problemstillingar innanfor fusjonskontrollen i tilfelle der ei etablert bedrift kjøper opp ein nykomar. Prosjektet er planlagd å resultere i to forskingsartiklar for internasjonale tidsskrift og ein policyartikkel for eit norsk tidsskrift.
Anders Ryssdal er tildelt midlar på 265 000 kroner til prosjektet ”En analyse av Høyesteretts dommer i konkurransesaker”. Prosjektet skal analysere dei fem dommane frå Høgsterett i konkurransesaker for å sjå kva generelle lærdommar og fellestrekk som kan identifiserast i norsk rettspraksis innan konkurranserett. Prosjektet er planlagd å resultere i ein forskingsartikkel på norsk og ein kortversjon av artikkelen for publikasjon internasjonalt.
Menon Economics er tildelt midlar på 480 000 kroner til prosjektet ”Lokal konkurranse og forbrukeratferd i boliglånsmarkedet”. Prosjektet skal leiast av senior manager Katrine Holm Reiso. Prosjektet skal bruke detaljerte paneldata til å studere korleis flytting påverkar marknadsstruktur og bytteåtferd i marknaden for bustadlån. Prosjektet er planlagd å resultere i ein forskingsartikkel og ein kronikk.
49378
Karin Stakkestad Laastad, juridisk direktør i Konkurransetilsynet
Pressetelefon: 47 66 77 77