– Konkurransetilsynet har gjennomført ei grundig vurdering av saka der vi har tatt omsyn til ei rekke forhold. Vi har konkludert med at oppkjøpet ikkje i vesentleg grad vil hindre effektiv konkurranse, seier avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen.
Oppkjøpet vart meldt til Konkurransetilsynet 29. mars. Saka blir avslutta ca. ein månad før saksbehandlingsfristen 14. juli.
– Leveransar av matkasser skil seg frå annan handel med matvarer, men har også fleire likskapar med til dømes handel med daglegvarer på nett. Derfor var det nødvendig å undersøke kor nære konkurrentar partane er og kor sterkt konkurransepresset frå daglegvarer på nett er, seier Gabrielsen.
Konkurransetilsynet har gjennomført ei forbrukarundersøking for å kartlegge konkurransesituasjonen. Resultata frå denne har vore eitt av fleire viktige moment i tilsynet si vurdering.
Prioriterte marknader
Konkurransetilsynet si rolle er å fremje konkurranse til det beste for forbrukarar og næringsliv. Konkurransen i matmarknadene og daglegvaremarknaden er høgt prioritert i Konkurransetilsynet.
– I denne saka har det vore sentralt å vurdere konkurransepresset frå sal av daglegvarer på nett og utviklinga i marknadene. Vi har vurdert utviklinga innan leveransar av matkasser og sal av daglegvarer på nett i Norge, og vi har sett nærare på tilsvarande utvikling i andre land, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.
– Konkurransetilsynet har etter ei samla vurdering i dag orientert selskapa om at tilsynet tillet oppkjøpet, seier Sørgard.