Konkurransetilsynet har lagt bak seg eit aktivt år. Konkurransen i fleire marknader er ikkje så god som den burde vere, så derfor er det avgjerande at tilsynet held fram med effektiv handheving av konkurranselova. Det fører til milliardgevinstar for forbrukarane.
I 2025 fekk tilsynet 188 meldingar om føretakssamanslutningar. Over 95 prosent blir klarerte innan 25 dagar.
Konkurransetilsynet har i 2025 gripe inn i to av føretakssamanslutningane som ville ført til ei betydeleg avgrensing av konkurransen. Konkurransetilsynets kontroll med fusjonar og oppkjøp bidreg til store innsparingar for norske forbrukarar. Samstundes held tilsynet fram med å klarere uproblematiske fusjonar og oppkjøp raskt, noko som gir føreseielege og effektive prosessar for næringslivet.
Konkurransetilsynet har som mål å gjere vedtak som både har stor positiv verknad på konkurransen og forbrukarane, og som står seg ved rettsleg prøving. Konkurranseklagenemnda behandla to klagar på handhevingsvedtak frå tilsynet i 2025. Tilsynet fekk fullt medhald i begge.
– Konkurransetilsynet vil halde fram med å handheve konkurranselova aktivt og føre tett kontroll med aktørane i næringslivet. Dersom vi meiner at utviklinga i ein marknad går i feil retning, vil vi vere tydelege på det, slik vi har vore gjentekne gonger tidlegare, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.
Det siste året har tilsynet òg halde fram med det breie arbeidet i daglegvaremarknaden. At Konkurransetilsynet i marknader prega av få aktørar og høge etableringshindringar følgjer nøye med på marginar, marknadsdelar, skilnader i innkjøpsprisar, eigne merkevarer, tilgang til butikklokale, alle små og store samanslåingar og informasjonsdeling mellom aktørane i marknaden, verkar truleg disiplinerande og skjerpande på norske daglegvareaktørar.
Norske, danske og europeiske konkurransemyndigheiter har anslått at handhevinga av konkurransereglane fører til milliardgevinstar for forbrukarane. I tillegg kjem positiv verknad på produktivitet, verdiskaping og sysselsetting. Desse verknadene kan også vere betydelege. Det er derfor avgjerande at Konkurransetilsynet held fram med aktiv handheving av konkurranselova.
Her finn du heile årsmeldinga til Konkurransetilsynet.
53136
Pressetelefon: 47 66 77 77