Konkurransetilsynet søkjer ny sjeføkonom

Konkurransetilsynet startar no rekrutteringa av ny sjeføkonom. Noverande sjeføkonom, Hans-Petter Håvås Hanson, går over i ei anna leiarstilling i tilsynet.

Stillinga er sentral i tilsynet sitt arbeid med å fremje konkurranse til det beste for forbrukarar og næringsliv. Sjeføkonomen har ei nøkkelrolle i utviklinga av det økonomiske analysearbeidet, og vil vere ei fagleg drivkraft både internt og i møte med eksterne aktørar.

– Sjeføkonomen har ei viktig rolle i å sikre høg kvalitet i analysane og vurderingane våre. Vi søkjer ein erfaren og fagleg sterk samfunnsøkonom som ønskjer å bidra i arbeidet vårt med å sikre gode konkurranseforhold og velfungerande marknader, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.

Stillinga inneber ansvar for å leie og vidareutvikle det økonomiske fagmiljøet i tilsynet, bidra i arbeidet med komplekse konkurransesaker, og gi faglege og strategiske råd til konkurransedirektøren. Den som blir tilsett, vil òg ha ei viktig rolle i formidlinga av dei økonomiske analysane våre og effektane av arbeidet vårt, både internt og eksternt.

Konkurransetilsynet ser etter kandidatar med solid samfunnsøkonomisk kompetanse, brei erfaring frå analysearbeid, god forståing for konkurransepolitikk og den rette personlegdomen til å leie ein sentral del av tilsynet sitt arbeid. Leiarerfaring og evne til å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø vil bli lagd vekt på.

– Stillinga som sjeføkonom er ein utruleg spennande, meiningsfull og viktig jobb, og Konkurransetilsynet er ein fantastisk stad å vere. Dette er ei unik moglegheit, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.

Søknadsfrist er 28. mai 2026.

Les meir og søk:

Stillingsutlysning: Vil du bli ny sjeføkonom i Konkurransetilsynet?