Konkurransetilsynet sin kartlegging av daglegvarekjedene sine innkjøpsprisar for 2025 viser at forskjellane er tilnærma like som i 2024.
Konkurransetilsynet har sidan 2017 kartlagt dei store daglegvarekjedene sine innkjøpsprisar frå eit utval leverandørar. Over fleire år har kartleggingane vist at forskjellane mellom kjedene sine innkjøpsprisar blir mindre.
Som tidlegare viser resultata for 2025 at Norgesgruppen får lågare innkjøpsprisar enn Coop og Rema. Forskjellane mellom kjedene er ikkje uvesentlege, men dei er betydeleg reduserte sidan 2017.
– Kartlegginga for 2025 viser framleis stor variasjon i leverandørane sine prisforskjellar til kjedene. Nokre har små forskjellar, andre har større, og for enkelte leverandørar er det stor variasjon i prisforskjellar over tid, seier Gabriel Støyva, prosjektleiar i Konkurransetilsynet.
Slik variasjon kan mellom anna ha opphav i skilnader i samarbeidsklima mellom kjede og leverandør, kjedene sine tiltak for å auke salet av leverandørens produkt, kampanjeaktivitetar og innkjøpsvolum.
Innkjøpsprisane blir fastsette gjennom forhandlingar mellom aktørane, der lågare prisar ofte heng saman med ulike former for motytingar frå kjedene. Dette kan til dømes vere bidrag knytt til distribusjon, produktlanseringar i butikk eller gjennomføring av kampanjar. Fleire motytingar frå Coop og Rema dei seinare åra har medverka til mindre forskjellar i innkjøpsprisar mellom kjedene.
Ei forklaring på at forskjellane i 2025 er tilnærma like som året før, kan vere at motytingane frå kjedene til leverandørane er lite endra frå 2024 til 2025. Samstundes er det variasjon i innkjøpsprisar for enkeltleverandørar desse åra. Konkurransetilsynet har fått opplyst at motytingar kan forklare delar av denne variasjonen, forklarer Støyva.
Konkurransetilsynet offentleggjer ikkje detaljerte opplysningar om storleiken på innkjøpsprisforskjellane, fordi desse opplysningane, sett saman med tidlegare kartleggingar og andre kjelder, kan avsløre forretningssensitiv informasjon. Offentleggjering kan også påverke forhandlingane og auke risikoen for at leverandørar er tilbakehaldne med å gi rabattar.
Kartleggingane av forskjellar i innkjøpsprisar er ein viktig del av Konkurransetilsynet sitt arbeid med konkurransetilhøva i daglegvaremarknaden, og tilsynet kjem difor til å halde fram med desse undersøkingane.
- Konkurransetilsynet har kartlagt forskjellar i innkjøpsprisar for åra 2017–2025.
- Dei første åra omfatta kartlegginga 16 leverandørar frå ti ulike selskap. Frå 2020 er totalt 22 leverandørar frå 16 ulike selskap omfatta. Desse selskapa er Tine, Mills, Nortura, Orkla, Ringnes, Coca-Cola, Mondelez, Scandza, Mars, Nestlé, Pierre Robert, Kavli, Maarud, Dr. Oetker, Procter & Gamble, Lerum og Swedish Match.
- I berekningane har Konkurransetilsynet nytta ulike prismål (mellom anna såkalla netto nettoprisar), der ulike rabattar er trekt ut frå leverandørane sine listeprisar. Så blir innkjøpsprisane for to og to kjeder samanlikna for varer som begge kjedene kjøper. Til dømes blir prisforskjellen mellom Coop og Norgesgruppen målt ved å berekne kor mykje meir eller mindre Coop ville betalt for sitt innkjøpsvolum dersom Coop hadde hatt dei same vareprisane som Norgesgruppen.
54854
Pressetelefon: 47 66 77 77