Konkurransetilsynet lyser no ut midlar på inntil 8,5 millionar kroner til forsking innan konkurranseøkonomi og konkurranserett for 2016/2017.
– God forsking på konkurransepolitiske problemstillingar vil legge til rette for eit godt samspel mellom konkurransestyresmakter og akademia, og styrke kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikken. Dette vil i neste omgang fremje konkurransen til fordel for forbrukarar og næringsliv, seier sjeføkonom Lars Sørgard i Konkurransetilsynet
Konkurransetilsynet inviterer no forskarar til å fremje eigne prosjektforslag for forsking og utgreiing på område innan konkurransefaget dei meiner er viktige. Tilsynet ønskjer søknader både innan konkurranserettslige og konkurranseøkonomiske problemstillinger, og gjerne tverrfaglege prosjekt som kombinerer desse to fagområda. Undervisnings- og forskingsinstitusjonar, føretak og sjølvstendige privatpersonar kan søkje om midlar frå fondet.
– Vi er oppekne av å styrke den konkurranserettslege forskinga og håpar derfor på endå fleire søknader innanfor dette området enn ved den forrige utlysinga, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad i Konkurransetilsynet.