Avsluttar Norgesgruppen – Bunnpris

Tilsynet avsluttar vurderinga av samarbeidsavtalen mellom Bunnpris og Norgesgruppen.

Bunnpris og Norgesgruppen inngjekk ein samarbeidsavtale om innkjøp og distribusjon av daglegvarer i desember 2015. Avtalen inneber at Norgesgruppen og Asko skal distribuere varer til alle butikkane til Bunnpris frå 1. januar 2017.

– Konkurransetilsynet har gjort ei konkret vurdering av avtalen. På bakgrunn av informasjon frå marknadsaktørar og generell informasjon om marknaden har vi ikkje funne grunn til å prioritere vidare arbeid i denne saka, seier prosjektleiar Eirik Lothe Hess.

Bunnpris og Norgesgruppen har tidlegare hatt ein liknande avtale, men sidan 2012 har Rema 1000 vore hovudgrossisten til Bunnpris.

Kontaktinformasjon

Eirik Lothe Hess
Prosjektleder

Pressetelefon 47 66 77 77