Årsbrosjyre: Rekordmange bevissikringar og streng fusjonskontroll

Høg aktivitet i etterforskningsarbeidet og streng fusjonskontroll er hovudtema for årsbrosjyra 2014-2015.

Konkurransetilsynet hatt høg aktivitet det siste året. Det er gjennomført seks bevissikringar og tilsynet har hatt ti pågåande etterforskingssaker i tillegg til to saker om ulovleg samarbeid i rettsapparatet. Den høge aktiviteten tilseier streng prioritering, seier konkurransedirektør Christine Meyer.

Streng fusjonskontroll Tilsynet mottok 89 meldingar om fusjonar og oppkjøp i 2014 og gjorde inngrep i tre av dei.

Ein streng fusjonskontroll er særleg viktig i eit lite land som Noreg. Her er det mange små marknader og oversiktlege marknadstilhøve, og fleire av aktørane kjenner kvarandre godt gjennom bransjeforeiningar og har felles utdanningsbakgrunn, seier Meyer.