Apotek-endring godt nytt for forbrukarane

Ei endring av apoteklova kan gi forbrukarane større valfridom og vesentleg lågare prisar på biologiske legemiddel, skriv Konkurransetilsynet i eit høyringssvar.


Helse- og omsorgsdepartementet har på høyring eit forslag om å endre apoteklova §6-6, som inneber auka konkurranse for biologiske legemiddel. Dette er legemiddel som er framstilt frå levande celler og brukast mot ein rekkje sjukdomar, som blant anna ein rekkje formar for kreft og autoimmune sjukdomar som leddgikt, ulcerøs kolitt og psoriasis.

Endringa vil blant anna innebere at apoteka, ved sal av originale biologiske legemiddel, skal kunne tilby kunden tilsvarande konkurrerande biologiske legemiddel. Dermed vil det bli same praksis som ved andre type legemiddel som seljast i apotek. Denne ordninga har vist seg å spare folketrygda og pasientane for om lag to milliardar kroner i året.

– Dei føreslåtte endringane opnar for at det blir mogleg for apotek-kundane å byte ut biologiske originale legemiddel med biologiske tilsvarande legemiddel. Endringsforslaget aukar sjansen for auka konkurransepress og dermed òg lågare prisar, seier seniorrådgivar Kathrine Tvedt Lavik i Konkurransetilsynet.

Det er venta fleire biologiske legemiddel i framtida. Dermed vil effekten og innsparinga ved å endre apoteklova auke framover, og både samfunnet og pasientane kan spare store summar på endringa av apoteklova, ifølgje Lavik.

Du kan lese Konkurransetilsynet sitt høyringssvar her >>

25995
Portrettbilde av Kathrine Lavik i Konkurransetilsynet.
Kathrine Tvedt Lavik, seniorrådgiver og økonom i Konkurransetilsynet.

Kontaktinformasjon:

Pressetelefon 47 66 77 77

Kathrine Lavik,
seniorrådgivar i Konkurransetilsynet
ktla@kt.no

 


Ønsker du e-postvarsel om nyheter fra Konkurransetilsynet? Klikk her >>