Avsluttar etterforskinga av Jotun

Konkurransetilsynet avsluttar den pågåande etterforskingssaka mot Jotun A/S. Etterforskinga er knytt til eit mogleg brot på forbodet mot utilbørleg misbruk av dominerande stilling i konkurranselova.

– Etter ei samla vurdering finn tilsynet ikkje grunnlag for å gå vidare med saka, seier avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen.

Han understrekar samtidig at dominerande aktørar har eit særleg ansvar for å sjå til at dei ikkje avgrensar konkurransen.

– Tilsynet si vurdering så langt er at Jotun er ein dominerande aktør i marknaden for sal av dekorativ maling i Noreg, seier Gabrielsen.

Dekorativ maling inkluderer maling til utandørs og innandørs bruk.

 

Betydeleg etterforskingsmateriale
Konkurransetilsynet gjennomførte i februar 2014 ei bevissikring i Jotun sine lokale i Sandefjord, og har sidan dette tidspunktet etterforska saka.

– Vi har gjennomgått eit betydeleg materiale som blei kverrsett under bevissikringa. I tillegg har vi gjennomført fleire forklaringsopptak, og vi har henta inn informasjon frå kundar og konkurrentar. Det har vore nødvendig med ei så omfattande saksbehandling for å sikre ei forsvarleg vurdering, seier Gabrielsen.

Konkurranseloven §11

  • Et eller flere foretak(s) utilbørlige utnyttelse av dominerende stilling er forbudt etter konkurranseloven § 11
  • Et foretak vil normalt være dominerende dersom det i betydelig grad kan opptre uavhengig av sine konkurrenter og kunder.
  • Det er ikke forbudt for et foretak å være dominerende, men foretaket har et særlig ansvar for at dets opptreden i markedet ikke begrenser konkurransen.
  • Generelle eksempler på utilbørlig utnyttelse kan være underprising og lojalitetsrabatter, eksklusivitetsavtaler eller å fastsette urimelige priser eller andre forretningsvilkår.
Portrettbilde av avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen i Konkurransetilsynet.
Avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen.

Kontaktinformasjon

Pressetelefon: 47 66 77 77