Konkurransetilsynet gjennomførte bevissikring mot aktørar i apotekmarknaden i mai 2021. No vert etterforskinga avslutta.
– Konkurransetilsynet har etter ei grundig og konkret vurdering bestemt at saka skal avsluttast, seier avdelingsdirektør Beate Berrefjord i Konkurransetilsynet.
Bakgrunnen for den uanmeldte kontrollen var å undersøkje ein mistanke om brot på reglane i konkurranselova om utveksling av konkurransesensitiv informasjon. Det blei tatt beslag i datamateriale for å stadfeste eller avkrefte mistanken om ulovleg samarbeid. Konkurransetilsynet har ikkje funne grunn til å halde fram med etterforskinga.
– Konkurransetilsynet vil likevel følgje marknaden nøye, særleg fordi det er få aktørar i denne marknaden. Eit oligopol beståande av aktørar med sterke posisjonar i fleire ledd i verdikjedene, som sel naudsynte varer til forbrukarar og samfunn, vil alltid vere ein prioritert marknad for Konkurransetilsynet å overvake, seier Berrefjord.
Her finn du meir informasjon om Konkurransetilsynet si bevissikring.
Pressetelefon: 47 66 77 77