Betre kontroll med offentlege innkjøp er bra for konkurransen

Konkurransetilsynet ynskjer at kontrollen med offentlege innkjøp blir styrka. Samstundes er det viktig med ei tydeleg regulering av ansvar og prosess for handhevinga, slik at kontrollen blir effektiv.

Nærings- og fiskeridepartementet har ny lov om offentlege anskaffingar på høyring. Konkurransetilsynet støttar Anskaffingsutvalet sitt forslag i andre delutgreiing om å styrke kontrollen med offentlege innkjøp, og ynskjer at kontrollen blir styrka på ein effektiv måte.

– Det er bra med tiltak som betrar kontrollen med innkjøpsreglane. Det vil gi betre konkurranse om offentlege anbod og meir verdi for statlege pengar, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Ein kontrollinstans som handsamar anonyme klagar og tips er eit viktig grep. Samstundes bør handhevinga også leggje til rette for meir tilfeldige kontrollar, som ikkje har utgangspunkt i tips eller klagar. Utvalet føreslår at handhevinga skal sørge for at feil og lovbrot i større grad blir retta før tildeling av kontrakt. Dette gjeld reglane om avvising, samt at urettmessig tildeling blir kjent «utan verknad». Når feil på denne måten blir retta opp før tildeling, blir konkurransen i mindre grad sett ut av spel.

Forslaget om å leggje tilsynsfunksjonen til Konkurransetilsynet vil innebere ei ny rolle for tilsynet som vil krevje meir ressursar, mellom anna fordi det blir naudsynt å etablere ei ny avdeling. Det vil krevje ei klar og hensiktsmessig fordeling av roller og kompetanse, og tilsynet meiner at synergiane mellom ein slik tilsynsfunksjon med offentlege innkjøp og konkurransekontrollen ikkje er så store som utvalet forutset. Tilsynet sitt ansvar for å sikre konkurranse kan vere krevjande å kombinere med eit ansvar for tilsyn med offentlege innkjøp, og det kan vera utfordrande å koordinere handhevinga mellom ulike organ slik det er føreslege.

– Velfungerande marknader er viktige for høvet til å gjennomføre gode offentlege innkjøp. I Noreg har vi omfattande konsentrasjon i fleire marknader. Det er difor svært viktig at handhevinga av konkurranselova ikkje på nokon måte blir svekka, seier Tina Søreide.

Du kan lese Konkurransetilsynet sitt svar på høyringa her.

36910
Portrettbilde av Tina Søreide
Tina Søreide, konkurransedirektør

Pressetelefon: 47 66 77 77