Bevissikring i bokbransjen

Konkurransetilsynet gjennomførde i januar ein uanmeldt kontroll hos fleire selskap med tilknyting til bokmarknaden.

– Bakgrunnen for at vi har vore på bevissikring er at Konkurransetilsynet undersøkjer eit mogleg brot på konkurranseloven § 10 . Saka gjeld eit mogleg ulovleg samarbeid om utveksling av konkurransesensitiv informasjon, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad.

Kontrollen vart i forkant godkjent av tingretten og Konkurransetilsynet har beslaglagt relevant material.

– Bevissikringa er avslutta, og saka er no i ein fase der Konkurransetilsynet skal gjennomgå og analysere beslag frå kontrollen, seier Stakkestad Laastad.
Konkurransetilsynet har ikkje høve til å gå meir konkret inn i denne aktuelle saka, men pressetelefonen til tilsynet er betent dersom det er behov for generell prosessinformasjon.

Portrettfoto av Karin Stakkestad Laastad, juridisk direktør i Konkurransetilsynet.
Juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad

Konktaktinformasjon:

Karin Stakkestad Laastad
Juridisk direktør

Pressetelefon: 47 66 77 77

Pressebilder >>