Bevissikring i marknaden for alarm- og tryggingstenester

Konkurransetilsynet har gjennomført ei bevissikring i marknaden for alarm- og tryggingstenester.

– Målet med bevissikringa er å avkrefte eller bekrefte eit potensielt brot på forbodet i konkurranselova mot ulovleg samarbeid, seier fungerande etterforskingsdirektør Svenn Gaulen.

Det at Konkurransetilsynet har gjennomført ei bevissikring inneber ikkje at føretak i denne marknaden er skuldig i lovbrot. Etterforskinga er framleis i gang.

Konkurransetilsynet kan ikkje gå konkret inn i denne aktuelle saka, men pressetelefonen vil bli betent på vanleg måte i den ordinære arbeidstida dersom det er behov for generell prosessinformasjon.

Kort om bevissikringar
  • Føremålet med ei bevissikring er å bekrefte eller avkrefte ein mistanke om
    brot på konkurranselova.
  • Kravet for å kunne gå på  bevissikring er at det er rimeleg grunn til å tru at det er gjort lovbrot.
  • Konkurransetilsynet treng ei rettsleg godkjenning for ei bevissikring.
  • Konkurranselova gir tilsynet rett til å krevje tilgang til alle lokale og stader der det kan finnast bevis
  • Konkurransetilsynet kan gjere beslag i alle typar dokument og ta kopi av  innhald på digitale medium som PC-ar, smarttelefonar og nettbrett.

Kontaktinformasjon

Svenn Gaulen
Fungerande etterforskningsdirektør

Pressetelefon: 47 66 77 77

 

Veit du noko? Tips oss

Erling Espeskog og Vidar Erichsen er ein del av Konkurrransetilsynet si
etterforskingsstab og har spesiell trening i å handtere anonyme tips.

Erling Espeskog,
Spesialrådgiver
Mobil: +47 948 39 809
E-post: eres@kt.no

Vidar Erichsen,
Seniorrådgiver
Mobil: +47 911 29 409
E-post: vier@kt.no