Compliance: Følg spelereglane om du vil bli best

Rettferdig konkurranse føreset at alle følgjer spelereglane. Slik er det også i næringslivet. Det handlar om compliance.

Av seniorrådgjevar Marion Stamnes. Innlegget vart først publisert av Byggeindustrien 4/19

Føretak risikerer at juksing blir møtt med negative reaksjonar både frå Konkurransetilsyn og kundar. Likevel har berre 26 prosent innført konkrete tiltak som bidreg til etterleving av konkurranselova dei siste fem åra. For å sikre at di verksemd følgjer spelereglane bør du innføre tiltak som hindrar slike lovbrot.

Kartellverksemd og misbruk av marknadsmakt kan få alvorlege konsekvensar for dei involverte og for samfunnet. Kartellverksemd kan ta ulike former; til dømes prissamarbeid, marknadsdeling, anbodssamarbeid eller utveksling av informasjon som avgrensar konkurransen. Samarbeidet fører til at kunden blir lurt og utviklinga bremsar opp. Det er ikkje lenger den beste som vinn. Ei undersøking gjennomført av Konkurransetilsynet syner at nesten 30 prosent av norske bedriftsleiarar meiner at samarbeid som hindrar eller vrir konkurransen finn stad i eigen marknad. Det er såleis ingen grunn til å tru at risikoen for slike lovbrot ikkje gjeld for norske bedrifter.

Nokre gonger kan det vera vanskeleg å sjå på førehand kva verknader eit lovbrot kan få. Risikoen for at konkurransekriminalitet blir oppdaga er aukande. Det er såleis eit auka behov for å innføre tiltak for å sikre etterleving av konkurransereglane, før det er for seint.

Ved brot på konkurranselova kan ein risikere gebyr på inntil 10 prosent av omsetnaden. I tillegg kjem prosessuelle kostnader til advokatar og andre rådgivarar, samt at ein må bruke tid og krefter på ein prosess utanfor kjerneverksemda knytt til eigen produksjon og inntening. Avtalerettsleg ugyldigheit, omdømmetap, privatrettslege søksmål og utestenging frå framtidige anbodskonkurransar kan vere andre konsekvensar. Ved brot på kartellforbodet kan involverte personar i tillegg risikere bøtestraff eller fengselsstraff.
Ein god compliance-kultur kan hindre alt dette. ”Handheving av konkurransereglane hjelper, men den største delen av ansvaret ligg hjå marknadsaktørane sjølve”, har Margrethe Vestager, EU-kommissær for konkurranse, uttala. Ho oppmodar næringslivet til å ta rettferd og tillit like alvorleg som innovasjon.

Sjølve grunnmuren i effektiv compliance er innsikt i eiga verksemd og ein analyse av risikoen som gjeld for denne, kunnskap om regelverk samt innsikt i mogelege konsekvensar ved brot. For at systemet skal vera effektivt må det vera spesialtilpassa. Compliance er ikkje hyllevare. Kva er dei største risikofaktorane for di verksemd? Deltek tilsette jamleg på arrangement der dei er i dialog med tilsette i konkurrerande verksemd, eksempelvis møter i bransjeorganisasjon? Hender det at dialogen i slike møte dreiar seg om prisar eller anbodsprosessar? Eller er du leiar av eit dominerande føretak, der risikoen for å misbruke marknadsmakt krev ekstra merksemd?

Kulturen og haldningane som skal hindre lovbrot må innarbeidast i verksemda sine kjerneverdiar. For at dei tilsette skal ta compliance på alvor, må leiinga vere tydelege på at dette har høgste prioritet. Bedriftene kan ikkje skulde på utru tenarar, men må ta ansvar for alle tilsette. Dersom analysen avdekker høgare risiko i enkelte delar av verksemda, eksempelvis på grunn av tett dialog med konkurrentar kombinert med ansvar for anbod i ein konsentrert marknad, bør fokuset rettast dit. Aktuelle tiltak kan vera meir opplæring og tettare oppfølging. Slik vil ein spissa risikoanalyse gi godt grunnlag for auka bevisstgjering og innføring av effektive kontrolltiltak.

For å bli god på compliance må du forstå verdien av å vere god på compliance. Dette inneber at du må ha gjort deg nokre tankar om kva konsekvensar det kan ha å bryte regelverket, samt nokre tankar om kva delar av regelverket det er mest sannsynleg at di verksemd kan komme til å bryte. Men vel så viktig er det å fokusere på gulrota; kva er oppsida ved å byggje ein kultur for konkurranse der fokuset er å bli best og dermed vinne kundane? Gode system for etterleving aukar tilliten og betalingsvilja hjå kundar og investorar. Og vil ikkje dyktige og motiverte medarbeidarar med ryggrad og integritet ynskje å jobbe hjå ei bedrift som er til å stole på, framfor ei verksemd som er tufta på lureri, doping og kampfiksing?

Dyktige medarbeidarar får jo ikkje bruke evnene sine dersom spelet er rigga. Og er det ikkje kampen om dei gode hovuda som på sikt avgjer kven som tar sigeren heim?

Marion Stamnes, Konkurransetilsynet.