Daglegvare: Stadig mindre skilnad i innkjøpsprisar

Konkurransetilsynet har sidan 2017 kartlagt dei store daglegvarekjedene sine innkjøpsprisar frå eit utval leverandørar. Kartleggingar over fleire år har vist at skilnadene mellom kjedene sine innkjøpsprisar blir mindre. I resultata for 2024 er dei kartlagde skilnadene ytterlegare reduserte frå 2023.

Slik som tidlegare år, viser resultata for 2024 at Norgesgruppen får lågare innkjøpsprisar enn Coop og Rema. Sjølv om skilnadene ikkje er uvesentlege, er dei samla skilnadene betydeleg reduserte i perioden frå 2017 til 2024.

– I den grad reduksjonen i skilnader skuldast at Coop og Rema har fått lågare innkjøpsprisar enn dei elles ville fått, kan det gi lågare pris og betre tilbod til forbrukar, seier nestleiar i Konkurransetilsynet si avdeling for mat, handel og helse, Magnus Friis Reitan.

Kartlegginga for 2024 viser framleis stor variasjon i leverandørane sine prisforskjellar til kjedene. Nokre har små skilnader, andre har større, og for enkelte leverandørar er det stor variasjon i prisforskjellar over tid. Slik variasjon kan mellom anna ha opphav i usemjer mellom kjede og leverandør, eller skilnader i kjedene sine tiltak for å auke salet av leverandørens produkt, kampanjeaktivitetar og innkjøpsvolum.

Dei konkrete innkjøpsprisane er eit resultat av forhandlingar mellom leverandør og daglegvarekjede, der kjedene gir ulike motytingar i byte mot lågare pris. Slike motytingar kan vere logistikktenester, varepåfylling, marknadsføring og kampanjar i butikkane.

– Undersøkingane våre tyder på at skilnader i kjedene sitt samarbeid med leverandørane bidreg til prisforskjellar, og at kjedene sjølv kan gjere tiltak for å få lågare innkjøpsprisar, seier prosjektleiar Gabriel Støyva.

I samband med undersøkingane for 2022 og 2023 opplyste Konkurransetilsynet at motytingar og kampanjeaktivitetar frå Rema og Coop si side var ein av årsakene til at resultata viste lågare skilnader i forhold til året før. Motytingar og kampanjeaktivitetar er også ein årsak til nedgangen frå 2023 til 2024.

Konkurransetilsynet offentleggjer ikkje opplysningar om storleiken på innkjøpsprisforskjellane, fordi desse opplysningane, sett saman med tidlegare kartleggingar og andre kjelder, kan avsløre forretningssensitiv informasjon. Det kan også ha uheldig påverknad på forhandlingane og auke risikoen for at leverandørar er tilbakehaldne med å gi rabattar.

Kartleggingane av skilnader i innkjøpsprisar er ein viktig del av Konkurransetilsynet sitt arbeid med konkurransen i daglegvaremarknaden, og tilsynet kjem difor til å halde fram med desse undersøkingane.

Fakta

  • Konkurransetilsynet har kartlagt skilnader i innkjøpsprisar for åra 2017–2024.
  • Dei første åra omfatta kartlegginga 16 leverandørar frå ti ulike selskap. Frå 2020 er totalt 22 leverandørar frå 16 ulike selskap omfatta. Desse selskapa er Tine, Mills, Nortura, Orkla, Ringnes, Coca-Cola, Mondelez, Scandza, Mars, Nestlé, Kavli, Maarud, Dr. Oetker, Procter & Gamble, Lerum og Swedish Match.
  • I berekningane har Konkurransetilsynet nytta ulike prismål (mellom anna såkalla netto nettoprisar), der ulike rabattar er trekt ut frå leverandørane sine listeprisar. Så blir innkjøpsprisane for to og to kjeder samanlikna for varer som begge kjedene kjøper. For eksempel blir prisforskjellen mellom Coop og Norgesgruppen målt ved å berekne kor mykje meir eller mindre Coop ville betalt for sitt innkjøpsvolum dersom Coop hadde hatt dei same vareprisane som Norgesgruppen.
49189
Portrettbilde av en mann i skjorte og jakke
Magnus Friis Reitan, nestleder i avdeling for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet

Pressetelefon: 47 66 77 77