Det er stor forskjell i daglegvarekjedene sine strategiar for butikketablering. Det viser ei kartlegging Konkurransetilsynet har gjort av den lokale konkurransen i daglegvaremarknaden. Graden av lokal konkurranse er berre noko av det som blir omtalt i tilsynet si ferske daglegvarerapport for 2023.
Konkurransetilsynet si daglegvarerapport skildrar konkurransesituasjonen i den norske daglegvaremarknaden. Det siste året har vore prega av prisauke på matvarer, og tilsynet bruker mykje tid på å kartlegge ulike marknadsforhold og kva dei har å seie for konkurransen.
– Graden av lokal konkurranse kan påverke matprisane nasjonalt og lokalt, og er difor noko tilsynet følgjer med på. I kommunar med svak konkurranse er det viktig at det blir lagt til rette for fleire aktørar, seier avdelingsdirektør Beate Berrefjord ved avdeling for mat, handel og helse.
12 prosent av daglegvarebutikkane i landet har ikkje konkurrentar frå andre kjeder i nærleiken. Ytterlegare 18 prosent møter konkurranse berre frå éi anna kjede.
Konkurransetilsynet si kartlegging viser mellom anna at Norgesgruppen og Coop etablerer og opprettheld butikkar både i områder med svak konkurranse og i områder med sterk konkurranse. Rema og Bunnpris på si side etablerer butikkar i meir sentrale område og er derfor sjeldan åleine i kampen om kundane.
Sjå oversikt over områda med best og dårlegast lokal konkurranse (pdf).
Konkurransetilsynet vil halde fram med å fylgje godt med på daglegvaremarknaden, sjølv om vi har sett nokre forbetringar i 2023.
– Tilsynet si utreiing viser at systemet med to faste prisjusteringsvindu kan ha vore hemmande for konkurransen. Det er difor positivt at fleire kjeder no ser ut til å gå vekk frå den ordninga, seier konkurransedirektør Tina Søreide.
Daglegvareaktørane ser òg ut til å ha fått med seg Konkurransetilsynet sine åtvaringar om å ikkje signalisere prisar gjennom media. Slik signalisering kan gjere det lettare for dei å sette høgare prisar. Uvisse mellom aktørane om kva konkurrentane vil gjere for å kapre kundar er bra for konkurransen.
Konkurransetilsynet meiner det er naudsynt med ei evaluering av reguleringa i landbruksmarknadene. Landbruksvarer – som smør, mjølk og kjøt – utgjer ein betydeleg del av forbrukarane si handlevogn, og er viktige for eit sunt kosthald. Det er tilsynet si vurdering at den nasjonale konkurransen innan fleire av varekategoriane er svakare enn for andre matvarer, og at det synest vanskeleg å få til konkurranse mellom nasjonale leverandørar.
I tillegg ser tilsynet at handhevinga for å sikre konkurranse i daglegvaremarknaden kjem til kort.
– Det er bra at Noreg, som fleire andre europeiske land, vurderer endringar i konkurranselovgjevinga som vil kunne gje meir treffsikre og målretta tiltak i marknader der konkurransen ikkje fungerer, seier konkurransedirektør Tina Søreide.
Her finn du heile rapporten.
Pressetelefon: 47 66 77 77