Det vert foreslått å erstatte teletorgforskrifta med eit teknologinøytralt regelverk om fellesfakturerte tenester. Konkurransetilsynet er positiv til forslaget om at den nye reguleringa skal omfatte alle former for fellesfakturerte tenester, slik at innhaldstenester som vert fakturert saman med bruk av mobiltelefon eller bruk eller tilgang til Internett òg skal vere omfatta. Konkurransetilsynet stiller seg positiv til forslaget om ny § 4-13 i ekomlova med heimel til å regulere vilkår for internasjonal roaming i forskrift.