V2007-27 – Nortura BA – Hå Rugeri AS – inngrep mot foretakssammenslutning

Bestemmelse ikon Bestemmelse: §16 Foretakssammenslutning

Dokumentdato ikon Dokumentdato: 27.11.2007

Nortura BA sitt oppkjøp av Hå Rugeri AS gjev Nortura ein vesentleg høgare marknadsdel i marknaden for sal av daggamle slaktekyllingar. Konkurransen i den aktuelle marknaden er allereie svært avgrensa, og den vil verte ytterlegare svekka etter oppkjøpet.

Det er i dag tre rugeri som leverer daggamle kyllingar til bønder som produserar slaktekylling. Nortura eig i dag det største av desse, Samvirkekylling. Gjennom oppkjøpet av Hå Rugeri forsvinn den eine av Nortura sine to konkurrentar, og Nortura får ein vesentleg høgare marknadsdel. Oppkjøpet fører til at Nortura forsterkar si stilling i marknaden, og at konkurransen vert ytterlegare avgrensa.

For å sikre konkurransen i denne marknaden, har Konkurransetilsynet sett som vilkår at alle eksisterande og eventuelle nye slaktekyllingprodusentar får tilgjenge til daggamle slaktekyllingar på jamgode vilkår.

Vedtaket gjeld i første omgang fram til 2012.

 

Var dette nyttig?