Helse- og omsorgsdepartementet har på høyring eit forslag om å endre apoteklova § 6-6, som inneber auka konkurranse for biologiske legemiddel.
Endringa vil blant anna innebere at apoteka, ved sal av originale biologiske legemiddel, skal kunne tilby kunden tilsvarande konkurrerande biologiske legemiddel. Dermed vil det bli same praksis som ved andre type legemiddel som seljast i apotek. Denne ordninga har vist seg å spare folketrygda og pasientane for om lag to milliardar kroner i året.