Dom i forlagssaka

Oslo tingrett har gjeve Konkurransetilsynet medhald i at forlaga Aschehoug, Cappelen Damm og Gyldendal braut konkurranseloven då dei utveksla informasjon og boikotta distributøren Interpress.

– Vi er tilfreds med at tingretten deler synet til konkurransetilsynet på at samarbeidet mellom forlaga utgjorde ein formålsovertredelse slik tilsynet la til grunn i vedtaket sitt. Samstundes registrerer vi at retten meiner gebyra er for høge og at desse er redusert, og tilsynet vil no bruka tid å gjennomgå grunngjevinga til tingretten på dette punktet, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad.

Tingretten legg til grunn at Gyldendal og Cappelen Damm må betala eit gebyr på 5 millionar kroner kvar og Aschehoug eit gebyr på 3,5 millionar kroner.

Les heile dommen her >> (pdf)

Sjå Konkurransetilsynet sitt samandrag og vedtak her >>

Dette er saka:
• Konkurransetilsynet gjennomførde 8. og 9. april 2014 bevissikring hos dei involverte forlaga Aschehoug, Cappelen Damm, Gyldendal og Schibsted/Vigmostad og Bjørke.
• I etterkant av bevissikringa vart det gjennomført ei rekkje forklaringsopptak og eit omfattande papir- og datamaterial vart gjennomgått, systematisert og analysert.
• Varsel om ilegging av overtredelsesgebyr for ulovleg samarbeid vart send til selskapa 28. juni 2016.
• Forlaga inngav kvar sine merknader i løpet av september 2016.
• Konkurransetilsynet sende vedtak om ilegging av overtredelsesgebyr i saka 22. mars 2017 til Aschehoug, Cappelen Damm, Gyldendal og Schibsted/Vigmostad og Bjørke.
• Schibsted/Vigmostad og Bjørke vedtok gebyret.
• Gyldendal, Cappelen Damm og Aschehoug brakte vedtaket til konkurransetilsynet inn for Oslo tingrett.
• Saka gjekk for Oslo tingrett i perioden 11. april til 9. mai 2018.

Karin Stakkestad Laastad, Konkurransetilsynet.

Kontaktinformasjon

Karin Stakkestad Laastad,
juridisk direktør

Pressebilder >>

 

Pressetelefon: 47 66 77 77