Elkjøp får kjøpe Eplehuset

Konkurransetilsynet har i dag gitt selskapa beskjed om at Elkjøp får kjøpe Eplehuset.

Elkjøp og Eplehuset sel begge Apple-produkt og konkurrerer i dag om mellom anna sal av Mac og iPad til privatkundar gjennom både fysiske butikkar og nettsal. Dette er viktige produkt for mange forbrukarar, og Konkurransetilsynet har derfor gjennomført ei grundig undersøking av oppkjøpet. Mellom anna har tilsynet henta inn og gått gjennom omfattande dokumentasjon frå selskapa, deira konkurrentar og leverandørar, og andre relevante aktørar.

Selskapa vart 29. juni varsla om at Konkurransetilsynet kunne kome til å stoppe oppkjøpet. Tilsynet var bekymra for at oppkjøpet kunne svekkje konkurransen i betydeleg grad innan sal av Mac og iPad til privatkundar. Etter dette har Konkurransetilsynet fått omfattande ny informasjon frå selskapa og gjort ytterlegare analysar og vurderingar, og har no kome til at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å stanse oppkjøpet.

– Konkurransetilsynet passar på konkurransen i marknadene, til det beste for forbrukarar, næringslivet og samfunnet ellers. Derfor har det vore nødvendig å gjere ei grundig vurdering av verknadene av dette oppkjøpet. Vi har no konkludert med at oppkjøpet ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse, og at det derfor kan gjennomførast, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.

Konkurransetilsynets saksbehandling

  • Melding om oppkjøpet vart motteken 9. mars 2026. 
  • Konkurransetilsynet varsla 16. april 2026 at det var dvendig å sjå nærare på oppkjøpet (lovpålagt 25-dagarsvarsel). 
  • Varsel om at inngrep kunne bli aktuelt, vart sendt 29. juni 2026 (lovpålagt 70-dagarsvarsel). 
  • Selskapa kom med sine merknader til varselet 11. juli 2026. 
  • Konkurransetilsynet godkjende oppkjøpet 30. juli 2026.
54933
Portrettbilde av Konkurransedirektør Mads Magnussen. Han har på dress og slips og står foran en blå bakgrunn med nøytralt uttrykk.
Konkurransedirektør Mads Magnussen

Pressetelefon: 47 66 77 77