Etterforskar ølmarknaden

Konkurransetilsynet bekreftar at vi har gjennomført bevissikring hos Ringnes knytt til marknaden for sal av øl til serveringsstader i Noreg.

Bevissikringa vart gjennomført i frå 31. januar 2017.

– Vi har gjennomført ein kontroll hos føretaket for å få bekrefta eller avkrefta mistanke om brot på konkurranseloven § 11 om misbruk av dominerande stilling, seier fungerande etterforskingsdirektør Svenn Gaulen.

Det at Konkurransetilsynet gjennomfører ei bevissikring, inneber ikkje at dei involverte selskapa er skuldige i lovbrot, og seier ikkje noko om det endelege utfallet av saka. Ein slik kontroll er basert på retten si avgjerd, og Konkurransetilsynet kan ta beslag i relevant materiale.

– Vi er i gang med arbeidet med å analysere innhenta materiale, seier Gaulen.

Konkurransetilsynet har ikkje høve til å gå ytterlegare konkret inn i denne aktuelle saka, men dersom det er behov for generell prosessinformasjon, kan etterforskingsdirektør Svenn Gaulen kontaktast via pressetelefon 47 66 77 77.

Konkurransetilsynet går ut med denne informasjonen no, etter at føretaket sjølv har bekrefta kontrollen.

Kontaktinformasjon

Pressetelefon: 47 66 77 77