Etterlyser meir kontroll med Tine

Konkurransetilsynet meiner at forslaget om forskriftsfesting av Tine-avtalen er eit steg i riktig retning, men at dette ikkje er tilstrekkeleg til å sikre rettferdig konkurranse i meierimarknaden. Tilsynet ber om tydelegare rammer og sterkare kontroll med korleis mjølkeprisen blir fastsett.

Landbruks- og matdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å forskriftsfeste avtalen mellom Landbruksdirektoratet og Tine SA, som skal sikre eit administrativt og rekneskapsmessig skilje mellom Tines råvarehandtering og resten av verksemda. Forslaget kjem som følgje av overgangen frå målprissystem til volumprismodell på mjølk (PGE).

Konkurransetilsynet støttar intensjonen bak forskrifta, men meiner den ikkje går langt nok i å sikre reell konkurransenøytralitet i meierimarknaden. Etter overgangen til PGE har Tine fått større kontroll over prisfastsetjinga på mjølk, noko som kan skape uvisse for konkurrentane og svekke konkurransen i meierimarknaden.

Tine har sjølv vedteke vektinga av prisfaktorane for fastsetjing av PGE og kan endre desse seinare. Med ein marknadsandel på 93 prosent på råvareleddet og 76 prosent av den totale bruken av mjølk, meiner Konkurransetilsynet at Tine er i ei særstilling. Difor bør det innførast formell kontroll med prisfastsetjinga, innanfor dei rammene WTO-regelverket tillèt.

Tilsynet etterlyser både tydelegare rammer og eit styrka kontrollregime som kan sikre like vilkår for alle aktørar i meierimarknaden.

– Uklare rammer kan svekkje konkurransen og gjere det vanskeleg for andre aktørar å konkurrere på like vilkår. Forbrukarane og næringa er tent med ein meierimarknad der fleire aktørar har reelle moglegheiter til å delta og utvikle seg, seier Håvard Rusken, rådgjevar i Konkurransetilsynet.

Her finn du heile høyringssvaret til Konkurransetilsynet.

50825
Portrettbilde av Håvard Rusken
Håvard Rusken, rådgiver i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: 47 66 77 77