Eurobarometer 2022: Konkurranse er bra for folk

Europeiske forbrukarar og små og mellomstore bedrifter meiner at konkurranse gjer dagleglivet betre. Konkurransereglane er bra for innovasjon, lågare prisar, større utval, og hjelper europeiske bedrifter å vere meir konkurransedyktige i globale marknader. Det viser ei undersøking gjort av EU-kommisjonen.

I oktober publiserte EU-kommisjonen resultata frå Eurobarometer-undersøkingane som handla om EU sin konkurransepolitikk. Spørjeundersøkinga, som sist vart gjennomført i 2019, viser at innbyggarar og små og mellomstore bedrifter (SMB-er) støttar både konkurransereglane og handhevinga av disse.

Resultata frå undersøkinga er tydelege: konkurranse gjer dagleglivet til både innbyggarar og SMB-er betre, og syter for lågare priser, større utval og meir innovasjon, seier EU-kommissær Margrethe Vestager. Ho utdjupar at støtta for konkurransereglane og handhevinga er gjennomgåande i EU.

Hovedfunna i undersøkinga

Hovudfunna i undersøkinga viser at respondentane meiner at konkurransereglane

  • oppfordrar til innovasjon (82% av innbyggarar og 89% av SMB-er)
  • legg til rette for betre prisar (74% av innbyggarar og 81% av SMB-er) og større utval (83% av innbyggarar og 84% av SMB-er)
  • hjelper bedrifter i EU å vere meir konkurransedyktige i globale marknader (72% av innbyggarar og 73% av SMB-er)

Vidare viser resultata at eit betydeleg fleirtal av innbyggarar og SMB-er støttar tiltak for å styrke konkurransen. Respondentane meiner at konkurranse spelar ei sentral rolle i å forhindre aktørar i alle marknader frå å misbruke marknadsmakt (87% av innbyggarar og SMB-er) og i å motverke kartell (84% av innbyggarar og SMB-er). Eit fleirtal meiner òg at det er viktig å forhindre fusjonar og oppkjøp som kan avgrense konkurransen.

Eit fleirtal av dei som svarte på undersøkinga ser konkurransereglar og handheving av desse som eit sentralt verktøy for å møte utfordringane som ligg føre oss. Til dømes meiner 66% av SMB-er at regulering som Digital Markets Act (DMA) kan vere ei effektiv løysing i marknader med systemiske utfordringar. Eit fleirtal av innbyggarane som svarte trur òg at konkurranse styrker den digitale utviklinga av samfunnet, og tilbodet av meir miljøvenlege produkt og tenester.

Når det gjeld effekten av konkurranse på dagleglivet, svarer eit fleirtal av innbyggarane at dei sjølve har opplevd konsekvensane av manglande konkurranse som høgare priser, dårlegare utval eller lågare kvalitet. Respondentane uttrykte særleg bekymring for manglande konkurranse i energi- og daglegvaresektorane.

SMB-er har òg opplevd konsekvensane av manglande konkurranse – særleg gjennom høge prisar og mektige leverandørar og innkjøparar som utnyttar marknadsmakta til å sette urettferdige vilkår (høvesvis 57% og 42% av SMB-er melder om dette).

– Dette er ei påminning om at rettferdig konkurranse er viktigare enn nokon gong, seier Margrethe Vestager om resultata i spørjeundersøkinga.

– Til tross for at Noreg ikkje er med i desse undersøkingane, gjer resultata ein peikepinn på korleis konkurranse og handheving av konkurransereglar oppfattast i land vi kan samanlikne oss med, og viser ei sterk tru på effekten konkurransereglar og handheving har på samfunnet rundt oss, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Her kan du lese meir om Eurobarometer og sjå fullstendige og landsvise resultat.

39861
Portrettbilde av Tina Søreide
Konkurransedirektør Tina Søreide
23787
Portrettbilde av Margrethe Vestager.
Margrethe Vestager. Foto: Stine Heilmann. European Commission