Fornya opplysningsplikt i fleire marknader

Konkurransetilsynet vidareførar krav om opplysningsplikt for enkelte aktørar i fleire marknader. 

Opplysningsplikta gjer at aktørane må gi opplysningar om alle oppkjøp, også dei som er under dei ordinære terskelverdiane for meldeplikt. 

Opplysningsplikta gjeld i to år framover. Alle selskapa som har blitt vurdert i denne omgangen har allereie hatt ei særskilt opplysningsplikt som varte til seinast 31.12.2023, og dette dreier seg altså om at opplysningsplikta vert ført vidare for desse selskapa. 

Opplysningsplikta er fornya og vidareført for følgande marknader og selskap: 

  • Betong: Nordic Concrete Group AS, Heidelberg Materials Norway AS og Unicon AS 
  • Alarm: Verisure AS og Sector Alarm Group AS 
  • Elbillading: Mer Norway AS, Circle K Norge AS, Eviny Elektrifisering AS, Recharge AS, Tesla Norway AS. 
  • Sportsutstyr: Sport Holding AS 
  • Regnskapssystemer: Visma AS 
  • Bestemte nettbaserte marknadsplassar: Schibsted ASA 

– Formålet med opplysningsplikta er å gjere Konkurransetilsynet merksam på oppkjøp som desse selskapa gjennomfører. Målet er å hindre dårlegare konkurranse i dei høva små aktørar blir kjøpt opp av større selskap. I verste fall kan slike oppkjøp føre til høgare prisar og dårlegare tilbod til forbrukarane, seier konkurransedirektør Tina Søreide. 

Konkurransetilsynet vurderer jamleg om det er naudsynt å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar. 

Andre marknader og selskap som har opplysningsplikt til 31.12.2024 er: 

  • Drivstoff: Uno-X Mobility, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS og Circle K Norge AS 
  • Kraft: Statkraft AS, Eviny AS, Skagerak Energi AS, Agder Energi AS/Å Energi AS og Hafslund Eco Vannkraft AS 
  • Avfall: Norsk Gjenvinning Norge AS 
  • Avis: Amedia AS, Polaris ASA og Schibsted ASA 
  • Vaskeri: Nor Tekstil AS 
  • Hagesenter: Plantasjen Norge AS 

Marked og selskap som har opplysningsplikt til 31.03.2024 er: 

Daglegvare: Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000 og Bunnpris IK Lykke AS 

36434
Konkurransedirektør Tina Søreide.
Konkurransedirektør Tina Søreide.

Pressetelefon: 47 66 77 77