Forskar du på konkurranse?

No lyser Konkurransetilsynet ut 2,2 millionar kroner til forsking innanfor konkurranseøkonomi og konkurranserett. Søknadsfristen er 11. april 2025.

Desse midlane skal fremje forsking på konkurranseøkonomiske og konkurranserettslege problemstillingar. Målet er å styrke kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikken.
Når kunnskapsgrunnlaget er sterkare, vil vi betre kunne fremje konkurranse til fordel for forbrukarar og samfunnet.

Dei som kan søkje om midlane er: undervisnings- og forskingsinstitusjonar, føretak og privatpersonar. Prosjekta kan vare maks to år.

Nokre døme på tema som tilsynet ser som viktige og relevante er:

  • Konkurranse i digitale marknader
  • Kunstig intelligens og konkurranse
  • Utfordringar knytte til konkurranse og berekraft
  • Konkurranse i daglegvaremarknaden
  • Konkurransereglane i tilknyting til arbeidsmarknaden
  • Bruk av data for mellom anna marknadsovervaking og kartellavdekking
  • Ex-post-evalueringar av vedtak frå konkurransemyndigheitene
  • Adferdsøkonomisk teori i konkurransehåndhevingen

Forskarar kan også gjerne foreslå tema for prosjekt.

I vurderinga av søknadane vil vi vektleggje forskarane sin kompetanse på fagområdet, gjennomføringsevne, søknaden sin relevans for utlysinga, og prosjektkostnad. Det kan søkast om både eitt- og toårige prosjekt. Tildeling og utbetaling vil skje i tråd med retningslinjer for tildeling av tilskotmiddel for konkurransefagleg forsking.

Korleis søke om forskingsmidlar frå Konkurransetilsynet

Søknad med prosjektbeskriving sendast til Konkurransetilsynet innan søknadsfristen 11. april 2025.
Søknaden må innehalde:

  • Kontaktinformasjon til søkar
  • Prosjektbeskriving med framdriftsplan
  • Beskriving av prosjektet sin nytteverdi
  • Kven som er ansvarleg for gjennomføringa
  • Budsjett/finansiering av prosjektet og informasjon om anna motteken støtte
  • Eigenerklæring som viser eventuell bagatellmessig støtte som er motteken siste tre år og om mottakar får anna offentleg støtte.

Søknad om forskingsmidlar sendast per e-post til Konkurransetilsynet på post@kt.no.

47575
Illustrasjonsbilde av en bærbar pc, en notatblokk og en penn på et bord.

Spørsmål kan rettast til seniorrådgjevar Håvard Mork Sandvik. Epost: hasa@kt.no.