No lyser Konkurransetilsynet ut 2,2 millionar kroner til forsking innanfor konkurranseøkonomi og konkurranserett. Søknadsfristen er 11. april 2025.
Desse midlane skal fremje forsking på konkurranseøkonomiske og konkurranserettslege problemstillingar. Målet er å styrke kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikken.
Når kunnskapsgrunnlaget er sterkare, vil vi betre kunne fremje konkurranse til fordel for forbrukarar og samfunnet.
Dei som kan søkje om midlane er: undervisnings- og forskingsinstitusjonar, føretak og privatpersonar. Prosjekta kan vare maks to år.
Nokre døme på tema som tilsynet ser som viktige og relevante er:
- Konkurranse i digitale marknader
- Kunstig intelligens og konkurranse
- Utfordringar knytte til konkurranse og berekraft
- Konkurranse i daglegvaremarknaden
- Konkurransereglane i tilknyting til arbeidsmarknaden
- Bruk av data for mellom anna marknadsovervaking og kartellavdekking
- Ex-post-evalueringar av vedtak frå konkurransemyndigheitene
- Adferdsøkonomisk teori i konkurransehåndhevingen
Forskarar kan også gjerne foreslå tema for prosjekt.
I vurderinga av søknadane vil vi vektleggje forskarane sin kompetanse på fagområdet, gjennomføringsevne, søknaden sin relevans for utlysinga, og prosjektkostnad. Det kan søkast om både eitt- og toårige prosjekt. Tildeling og utbetaling vil skje i tråd med retningslinjer for tildeling av tilskotmiddel for konkurransefagleg forsking.
Korleis søke om forskingsmidlar frå Konkurransetilsynet
Søknad med prosjektbeskriving sendast til Konkurransetilsynet innan søknadsfristen 11. april 2025.
Søknaden må innehalde:
- Kontaktinformasjon til søkar
- Prosjektbeskriving med framdriftsplan
- Beskriving av prosjektet sin nytteverdi
- Kven som er ansvarleg for gjennomføringa
- Budsjett/finansiering av prosjektet og informasjon om anna motteken støtte
- Eigenerklæring som viser eventuell bagatellmessig støtte som er motteken siste tre år og om mottakar får anna offentleg støtte.
Søknad om forskingsmidlar sendast per e-post til Konkurransetilsynet på post@kt.no.
47575
Spørsmål kan rettast til seniorrådgjevar Håvard Mork Sandvik. Epost: hasa@kt.no.