Å endre marknadssystemet for kraftmarknaden vil ikkje hindre situasjonar med auka straumprisar i Noreg. Tvert imot kan einsidige tiltak og strengare regulering føre til høgare straumprisar på sikt, skriv Konkurransetilsynet i eit høyringssvar.
Olje- og energidepartementet har hatt Straumprisutvalet sin rapport «Balansekunst» på høyring. Ekspertutvalet har mellom anna vurdert ulike måtar å organisere kraftmarknaden, og sett på tiltak som kan sikre norske straumkundar lågare og meir føreseielege prisar. Konkurransetilsynet meiner utvalet har gode argument for å vidareføre det noverande marknadssystemet for kraftmarknaden.
Sjølv om høge og lite føreseielege prisar tidvis skapar utfordringar for både forbrukarar og verksemder, tyder det ikkje nødvendigvis på at marknaden ikkje fungerer. Heller enn å innføre alternative marknadsmodellar bør ein vurdere andre tiltak for å hjelpe bedrifter og privathushald i periodar med høge straumprisar, som til dømes straumstøtte i form av kontantutbetalingar.
– Eit marknadssystem med fritt kjøp og sal av straum sørger for at Noreg sine kraftressursar blir utnytta best mogleg. Med inngripande regulering risikerer ein situasjonar med straumrasjonering og høgare straumprisar på sikt, seier nestleiar ved Konkurransetilsynet si avdeling for bygg, industri og energi, Marita Mæland Skjæveland.
Handel med utlandet er viktig for Noreg, fordi det i tørre år er mogleg å importere kraft frå Europa. Det bidrar til betre forsyningstryggleik og meir stabile straumprisar.
Restriksjonar på eksport kan òg redusere verdien på krafta, slik at det blir mindre lønsamt å produsere kraft i Noreg. Det fører til redusert samfunnsøkonomisk overskot for Noreg. Krafthandel med utlandet er òg bra for konkurransen, fordi det utvidar marknaden og reduserer høvet til å utnytte marknadsmakt.
– Konkurransetilsynet er oppteken av at tiltak som blir innført faktisk fungerer. Derfor åtvarar vi mot å innføre makspris på straum. Det kan sikre forbrukarane stabil straumpris over ein viss periode, men makspris fører av erfaring til at prisane blir høgare enn dei treng å vere på sikt. Makspris kan òg føre til rasjonering, fordi produsentane ikkje vil tene på å spare på vatnet i magasina eller ha insentiv til å investere i ny produksjon, seier Marita Mæland Skjæveland.
Konkurransetilsynet er einig med utvalet i at for dårleg informasjon kan gjere det vanskelegare for kundane å finne dei gode avtalane. Det kan gjere kundane passive og føre til at straumleverandørane konkurrerer svakare. Det er derfor positivt at det allereie er innført ei rekke nye krav til kva for informasjon selskapa må gje i marknadsføringa og på fakturaen. Det kan vere freistande å regulere prisen eller tilbodet for å gjere det enklare og meir handterleg for forbrukarane, men det kan tvert imot gjere situasjonen verre for forbrukarane, fordi det avgrensar konkurransen.
Det er låge etableringshindringar i den norske straummarknaden samanlikna med fleire europeiske land. Derfor bør det ikkje innførast endringar i rammevilkåra eller strengare regulering som aukar etableringshindringane, til dømes å stille høgare krav til kapital for å få konsesjon.
Her finn du heile høyringssvaret.
Pressetelefon: 47 66 77 77