Havilafjord får kjøpe Fjord1
Konkurransetilsynet tillet Havilafjord sitt oppkjøp frå 41 til 67 prosent av aksjane i Fjord1.
Konkurransetilsynet skal vurdere konkurranseavgrensande verknader av fusjonar og oppkjøp.
– Havilafjord sitt kjøp av eigardelar i Fjord1 vil ikkje i vesentleg grad hindre effektiv konkurranse, og dermed kan Havilafjord sitt oppkjøp av eigardelar i Fjord1 tillatast, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.
Oppkjøpet vart meldt til Konkurransetilsynet 8. september 2016.