Informasjon om bevissikring

Ved mistanke om brot på konkurranselova kan Konkurransetilsynet komme på uanmeldt kontroll eller såkalla bevissikring. Formålet med ei bevissikring er å ta beslag i moglege bevis for å undersøke om foretaket har brote konkurranselova. No er det laga ein brosjyre som beskriv dei ulike stega under ei bevissikring.

I samband med dette har tilsynet utarbeidd ein informasjonsbrosjyre som beskriv kva bevissikring er, gangen i den praktiske gjennomføringa, føretaket sine rettar og pliktar, innhenting, handtering og gjennomgang av elektroniske beslag, og overordna om saksbehandlingsprosessen.

–Føretak som blir utsett for ei bevissikring har naturleg nok eit behov for informasjon om forløpet til bevissikringa, den praktiske gjennomføringa og den vidare prosessen. Brosjyren er eit lettfatteleg informasjonsskriv som blir delt ut til føretak som får ein uanmeldt kontroll av tilsynet. Den kan òg vere nyttig for andre som ønsker å orientere seg om Konkurransetilsynets bevissikring på kt.no, seier etterforskingsdirektør Kari Bjørkhaug.

Du kan lese heile brosjyren her.

36375