KLP må endre praksis for å sikre betre konkurranse om offentleg tenestepensjon

Konkurransetilsynet meiner KLP si åtferd kan ha svekka konkurransen om offentleg tenestepensjon. No blir selskapet pålagt å endre praksis for å sikre meir konkurranse til fordel for kommunane.

Konkurransetilsynet har sidan 2022 etterforska om KLP har misbrukt si dominerande stilling i marknaden for offentleg tenestepensjon. Nå har tilsynet fatta vedtak i saka.

– Vi meiner at KLP har skada konkurransen gjennom aktiv og målretta påverking av kommunar for å få dei til å avstå frå å setje offentleg tenestepensjon ut på anbod. Dette kan ha ført til høgare kostnader og dårlegare kvalitet på tenestene for kommunane, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.

På bakgrunn av Konkurransetilsynet sine bekymringar har KLP foreslått fleire avbøtande tiltak. Desse inneber at selskapet skal slutte å påverke kommunane sine anbodsprosessar for tenestepensjon og rette opp dei negative verknadene av tidlegare praksis.

Tenestepensjon er eit av dei største innkjøpa for ein kommune, så auka konkurranse vil kunne gje store innsparingar. Sjølve pensjonsutbetalingane til kommunalt tilsette er dei same uavhengig av kva for selskap kommunane vel, men kostnadene knytt til tenestene som selskapa tilbyr vil kunne bli lågare dersom konkurransen blir sterkare.

– Anbodskonkurransar er ein føresetnad for effektiv konkurranse i denne marknaden. Vedtaket frå Konkurransetilsynet legg til rette for at fleire kommunar vil gjennomføre anbodskonkurransar om offentleg tenestepensjon. Det kan gjere det lettare for nye konkurrentar å etablere seg i marknaden og bidra til betre tilbod for kommunane, seier Elisabeth Steckmest, prosjektleiar i Konkurransetilsynet.

KLP er ikkje einige i at de har misbrukt sin dominerande stilling, men har likevel sjølv foreslått tiltak som skal avbøte Konkurransetilsynet sine bekymringar.

Vi har hatt ein god og konstruktiv dialog med KLP og er nøgd med at dei har valt å imøtekomme Konkurransetilsynet sine bekymringar ved å tilby å endre sin praksis. Det har gitt oss moglegheit til å løyse saka med tiltak som raskt kan betre konkurransen i ein så viktig marknad, seier Magnussen.

Tilsynet har gjort tiltaka bindande for KLP og vil følgje opp at selskapet etterlever forpliktingane framover. Vedtaket inneber samtidig at tilsynet avsluttar etterforskingssaka mot KLP.

 

Om etterforskingssaka

  • Etterforskingssaka av KLP starta med ei bevissikring i 2022.
  • Saka har vore tidkrevjande ettersom tilsynet har gått gjennom omfattande informasjonsmateriale, både interne dokument og ekstern kommunikasjon med 46 kommunar og fylkeskommunar over fleire år.
  • Etterforskinga vart avslutta med vedtak 25. august 2026.
  • Denne saka gjeld KLP sitt ansvar etter konkurransereglane, ikkje kommunane sitt ansvar etter regelverket for offentlege anskaffingar.

 

Oversikt over nokre av tiltaka KLP har forplikta seg til å følgje dei neste fem åra

  • KLP skal ikkje aktivt påverke kommunar til å avstå frå å greie ut eller utlyse anbodskonkurransar om offentleg tenestepensjon.
  • KLP sin kommunikasjon skal vere sakleg og balansert og ikkje skape tvil om andre tilbydarar si evne til å levere offentleg tenestepensjon.
  • KLP skal ikkje drive einsidig og skjult påverking gjennom nære relasjonar, men i staden kommunisere via formelle kanalar og oppfordre kommunar til å innhente informasjon frå fleire moglege tilbydarar.
  • KLP skal sende eit informasjonsskriv til kommunar og fagforeiningar som korrigerer misforståingar av KLP sin tidlegare kommunikasjon. Skrivet skal angje at KLP ikkje meiner anbodskonkurransar er unødvendig eller ulønnsamt.
  • KLP skal gjennomføre interne tiltak for å sikre etterleving av forpliktingane. Mellom anna skal KLP opprette ei eiga avdeling med ansvar for kommunikasjon om anbod, åtskilt frå KLP si daglege eigar- og kundeoppfølging.
  • KLP skal ikkje på nokon måte omgå forpliktingane.
  • Det skal oppnemnast ein forvaltar som skal sjå til at KLP oppfyller pliktene sine.
  • Her finn du alle tiltaka KLP har forplikta seg til (pdf).
55395
Portrettbilde av Mads Magnussen, i dressjakke, hvit skjorte og slips foran et vindu.
Mads Magnussen, konkurransedirektør
55399
Portrettbilde av Elisabeth Steckmest, i blazer og mørk skjorte foran en lys vegg.
Elisabeth Steckmest, økonom i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: +47 47 66 77 77