Konkurransemyndigheiter i Europa og USA har fått auga opp for brot på konkurransereglane i arbeidsmarknader. I denne episoden forklarar vi korleis arbeidsgjevarar kan unngå å bryte konkurranselova i kampen om dei dyktigaste tilsette. Kan bedrifter samarbeide om å hindre at lønningane går i taket? Eller bli einige om å ikkje rekruttere kvarandre sine tilsette?
I mange bransjar er det rift om dei beste hovuda, og kanskje må arbeidsgjevarar freiste med høge lønningar for å trekke til seg tilsette. Men kan bedrifter inngå rekrutteringsavtalar for å halde lønningane nede eller hindre at tilsette får jobb hos konkurrenten?
– Vi er bekymra for at bedrifter snakkar saman om lønn eller avtalar om å ikkje rekruttere kvarandre sine tilsette. Slike rekrutteringsavtalar kan gå direkte utover arbeidstakarane, for eksempel ved at dei får lågare løn enn dei kunne ha fått. I tillegg kan dårleg flyt av arbeidskraft gå utover forbrukarane, ved at innovasjonen blir hemma, seier sjeføkonom i Konkurransetilsynet, Hans-Petter H.Hanson.
Du kan høyre Konkurransepodden i Acast, Itunes, Spotify eller der du føretrekker å høyre podkast.