Konkurransepodden: Kor sunn er konkurransen i legemiddelmarknaden?

Vi høyrer stadig om pasientar som står utan nødvendige medisinar på grunn av høge prisar eller mangel på tilgjengelege legemiddel. Kva ligg bak desse problema?

Konkurransepodden er tilbake med ny sesong etter ein liten pause, og i denne episoden tek vi for oss korleis konkurransesituasjonen i legemiddelmarknaden kan påverke tilgangen til legemiddel.

Magnus Friis Reitan, økonom og nestleiar i avdeling for Mat, handel og helse, tek oss med inn i legemiddelprodusentane si verd, der vi diskuterer saker der legemiddelfirma har samarbeidd ulovleg eller misbrukt si dominerande stilling. Kva gulrøter og piskar brukar nokre legemiddelprodusentar for å halde konkurrentar ute av marknadene sine?

– Det finst mange konkurransesaker om legemiddel, og dei handlar ofte om tilgang til livsviktige medisinar. I episoden ser vi på korleis legemiddelfirma kan avgrense konkurransen på pasientane sin kostnad, seier Magnus Friis Reitan, nestleiar ved avdeling for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet.

Du kan høyre Konkurransepodden i Acast, Spotify eller der du føretrekk å høyre podcast.

47753
Bilde av programleder Margrethe Gudbrandsen og sesongens første gjest, Magnus Friis Reitan
Konkurransepodden sin programleiar, Margrethe Gudbrandsen, og sesongens første gjest, Magnus Friis Reitan.