Konkurransetilsynet pålegg ikkje Telenor meldeplikt for oppkjøp av Bahnhof

Konkurransetilsynet er oppteken av konkurransen i breibandsmarknaden og varsla nyleg at det kunne bli aktuelt å påleggje meldeplikt for Telenors oppkjøp av konkurrenten Bahnhof. Telenor har no endra oppkjøpet slik at Bahnhof si norske verksemd ikkje lenger inngår.

Telenor inngjekk avtale om kjøp av den svenske breibandverksemda Bahnhof 8. juli 2026. Oppkjøpet omfatta også Bahnhof si norske verksemd. Sjølv om transaksjonen ikkje var meldepliktig etter konkurranselova, varsla Konkurransetilsynet 8. september Telenor om at det kunne vere aktuelt å påleggje meldeplikt for å undersøkje oppkjøpet nærare.

I Noreg tilbyr Bahnhof mellom anna breiband til privatkundar  via leigd tilgang til Telenor si infrastruktur.

– Velfungerande konkurranse i breibandsmarknaden er viktig for norske brukarar. Sjølv om Bahnhof er ein relativt liten aktør i Noreg, ville Konkurransetilsynet undersøkje om Telenor sitt oppkjøp av Bahnhof kunne ha negative verknader for norske kundar. Vi varsla derfor Telenor at det kunne vere aktuelt å påleggje meldeplikt, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.

Etter at Konkurransetilsynet varsla at det kunne bli aktuelt å påleggje meldeplikt, har partane endra transaksjonen. Bahnhof si norske verksemd er no skild ut frå avtalen med Telenor og skal i staden seljast til ein av Bahnhofs tidlegare eigarar, K.N. Telecom. Endringa inneber at tilsynet ikkje vil gå vidare med eit pålegg om meldeplikt.

55420
Konkurransedirektør Mads Magnussen

Pressetelefon: 47 66 77 77