Konkurransetilsynet tildeler forskingsmidlar

Konkurransetilsynet tildeler til saman 2,35 millionar kroner i tilskotsmidlar til tre forskingsprosjekt innan konkurransefagleg forsking.

Sju ulike prosjekt søkte om pengar. Søknadane omfatta tema som digitale marknader, daglegvaremarknaden, fusjonskontrollen i Noreg og berekraft.

Prosjekta som får tildelt pengar i år, vil kunne bidra med innsikt om konkurransen i marknader med digitale plattformar, effektane av tiltak knytt til betra dyrevelferd og dei moglege vinstane ved at bedrifter samarbeider om å inngi tilbod på store grøne utviklingsprosjekt, som til dømes havvind.

– Vi er nøgde med å kunne tildele forskingsmidlar også i år. Vi er trygge på at prosjekta som får pengar, vil bidra til ny innsikt om viktige konkurransefaglege spørsmål, seier sjeføkonom Hans-Petter Havås Hanson.

Etter ei samla vurdering av søknadane er det følgande tre prosjekt som får midlar:

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) er tildelt midlar på 1 150 000 kroner til prosjektet  “Animal welfare regulations – potential consumer surplus and market structure impacts”. Prosjektet skal leiast av seniorforskar Margrethe Aanensen ved SNF. Formålet med prosjektet er å analysere korleis dyrevelferdstiltak i norsk matproduksjon vil påverke produksjonskostnadar, marknadskonsentrasjon, konkurranse og konsumentvelferd. Prosjektet er planlagd å resultere i to forskingsartiklar og ein workshop.

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) er tildelt midlar på 700 000 kroner til prosjektet ”Exclusive vs. Non-Exclusive Media Content: Competition and Channel Coordination among Digital Platforms and Content Providers”. Prosjektet skal leiast av professor Malin Arve ved Norges Handelshøyskole og SNF. Prosjektet skal utforske konkurranse og samhandling mellom digitale plattformar og innhaldsprodusentar, med særleg fokus på verknadane av eksklusivt og ikkje-eksklusivt innhald. Prosjektet er planlagd å resultere i ein forskingsartikkel.

Oslo Economics er tildelt midlar på 500 000 kroner til prosjektet “Samarbeid om grønne utviklingsprosjekter – mulige effekter og gevinster”. Prosjektet skal leiast av senior manager Ingunn Bruvik Gjersvik. Prosjektet skal etablere ei betre forståing av dei konkurransemessige verknadane av samarbeid om å gjennomføre store grøne prosjekter generelt, samt korleis slike samarbeid bør vurderast konkurranserettsleg. Prosjektet er planlagd å resultere i ein forskingsartikkel.

39545
Portrettbilde av Hans Petter Håvås Hanson
Hans Petter Håvås Hanson, sjeføkonom i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: 47 66 77 77