Kronikk: Konkurranse kan hindre spilt mjølk

Ei utviding av forsyningsplikta på mjølk kan motverke det fallande mjølkeforbruket, og vere bra både for bønder og forbrukarar.

Kronikken er skriven av Håvard Mork Sandvik, Prosjekt Dagligvare, Konkurransetilsynet

Forbruket av mjølk i Noreg er fallande. Når den subsidiedrivne eksporten av Jarlsberg-ost no i tillegg blir avslutta, så må bøndene i utgangspunktet kutte den årlege mjølkeproduksjonen med rundt 100 millionar liter. Dette er dramatisk for mjølkebøndene, og vil kunne føre til nedleggingar, reduksjonar i mjølkekvotene og dårlegare lønsemd i mjølkeproduksjonen. Nettopp i ein slik situasjon er det gode grunnar til å gje mindre aktørar tilgang til større mengder mjølk levert frå Tine. Det vil styrke konkurransen i meierimarknaden, og føre til eit større produktmangfald for forbrukarane. Dette kan vere eit godt tiltak for å motverke det fallande mjølkeforbruket.

Det er no lenge sidan Stortinget vedtok at det skulle leggast til rette for konkurranse i alle delar av meierisektoren. Konkurransen er derimot framleis relativt svak, og lite tyder på store endringar så lenge dagens ordningar ligg fast.

I lengre tid har Tine henta om lag 95 prosent av mjølka som norske bønder produserer. Resten av bøndene leverer til Q-Meieriene. Aktørar utan avtale med mjølkeprodusentar er difor i realiteten heilt avhengige av å kunne kjøpe mjølk frå Tine. Det gjeld til dømes Synnøve Finden, som ifølge DN den 26. februar kan hende ikkje vil investere i nytt anlegg utan garantiar for tilgang på mjølk.

Skal meieriaktørar kunne satse skikkeleg så er dei sjølvsagt avhengige av gode og føreseielege rammevilkår. Til dømes så er det ikkje attraktivt å investere i eit nytt produksjonsanlegg eller i produktutvikling dersom ein ikkje er sikker på at ein faktisk vil ha tilfredsstillande tilgang til den viktigaste råvara, mjølk.

Den norske meierimarknaden er stramt regulert gjennom ei rekke meir eller mindre kompliserte ordningar. Ei viktig ordning som skal sikre tilgang på mjølk til alle er forsyningsplikta. Føremålet med denne plikta er at Tine skal levere mjølk også til konkurrerande meieriaktørar, og til konkurransedyktige vilkår. For eit meieri som produserer flytande meieriprodukt er forsyningsplikta i dag avgrensa til 15 millionar liter i året. For produksjon av ost og andre “faste” meieriprodukt er forsyningsplikta derimot uavgrensa. 15 millionar liter er neppe tilstrekkeleg til å kunne drive effektiv produksjon av flytande meieriprodukt.

Konkurransetilsynet meiner at ei utviding av forsyningsplikta for flytande meieriprodukt vil vere eit godt verkemiddel for å styrke konkurransen i marknaden. Det er eit særleg godt verkemiddel i dagens situasjon, då det er overkapasitet av mjølk i Noreg samstundes som einskilde aktørar har utfordringar med å skaffe nok mjølk til å produsere for fullt.

Dersom ein utvidar forsyningsplikta vil det bli meir attraktivt for nye aktørar å etablere seg og for eksisterande aktørar å utvide produksjonen og investere i produktutvikling. Ei skjerpa konkurranse inneber at aktørane kappes om å vinne kundar. Det kan mellom anna føre til heilt nye produkt, eller betra utgåver av kjende og kjære variantar.

Historia har synt at det å betre rammevilkåra for små meieriaktørar kan føre til vellukka nyetablering. Til dømes har delvis konkurransemotiverte støtteordningar vore viktige for at Q-Meieriene har blitt eit godt etablert meieri. Q-Meieriene er no ein stor og innovativ aktør innan fleire produktkategoriar. Det er enda rom for ytterlegare konkurranse mellom etablerte meieri som Tine, Q-Meieriene, Synnøve Finden og Rørosmeieriet.

Konkurranse kan såleis vise seg å vere ein effektiv medisin mot fallande mjølkeforbruk og på den måten også kome bøndene til gode. Det er heilt nødvendig med gunstigare rammevilkår for dei små aktørane i marknaden dersom konkurransen realistisk sett skal kunne betrast.

Ei utviding av forsyningsplikta vil vere eit effektivt steg på vegen mot styrka konkurranse innanfor drikkemjølk og andre flytande meieriprodukt. Rammevilkår som gjer at fleire aktørar kan investere i produktutvikling og effektive meierianlegg kan auke forbruket av norsk mjølk, noko som gjer at ein kan unngå overproduksjon. Det vil vere bra for både bønder og forbrukarar.

Kronikken sto på trykk i Dagens Næringsliv 5. mars 2020.

 

Håvard Mork Sandvik, økonom i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: 47 66 77 77