Koronakrisa har fått fleire av oss til å handle legemiddel på nett. Men er du klar over at det er store prisskilnader på eitt og same produkt hjå ulike utsalsstader?
Kronikken er skrevet av Kathrine Tvedt Lavik, økonom i Konkurransetilsynet.
På kort tid har måten vi handlar på, endra seg. Fleire og fleire vel å handle varer på nett. Mellom anna kan nettapotek vise til betydeleg omsetningsauke, som følgje av folks endra vanar. Dette gjev eit auka konkurransepress i apotekmarknaden som kan vere godt nytt for oss forbrukarar.
I Noreg finst det 934 apotek. Av desse er i overkant av 80 prosent eigde av ein av dei tre store apotekkjedene. Få aktørar bidreg til ein svekt konkurranse om legemiddelkundane. Dette kan igjen bidra til at forbrukarane betalar meir enn naudsynt for legemidla. Korona ser ut til å ha opna forbrukarane sine auge for å kjøpe legemiddel over nett. Er du klar over kor du kan få legemidla du treng billigast?
Tenk deg at du skal kjøpe Paracet og har valet mellom to identiske pakningar – einaste skilnaden er at den eine kostar 46,90 kroner og den andre 29 kroner. For meg vil dette valet vere lett.
I tillegg finst det tilsvarande legemiddel frå andre produsentar som har same verkestoff og verknad. Her kan det vere endå meir å spare. Som forbrukarar kan vi sjølv gjere ein innsats for å finne ut kva ulike produkt kostar. For å finne prisskilnader på Paracet, som i dømet mitt over, gjorde eg eit kjapt søk med mobilen. Det tok meg svært lite tid og ville spart meg for 18 kroner.
Kva for utsalsstader som kan selje legemiddel, har endra seg over tid. I 2003 vart det innført ei ordning som gjorde at enkelte legemiddel kunne kjøpast på den lokale daglegvarebutikken, kiosken og på bensinstasjonen. I seinare tid har også internettsal auka våre mogelege innkjøpskanalar for legemiddel. I 2010 vart det tillate å selje reseptfrie legemiddel på nett, og i 2016 art det tillate å også selje reseptpliktige legemiddel på nett.
Koronakrisa har gjort folk meir merksame på dei ulike aktørane i apotekmarknaden, og denne kunnskapen bør ein ta med seg også etter at unntakstilstanden er over. For at konkurransen faktisk skal fungere optimalt, er du og eg som forbrukarar også svært viktige.
Utan bevisste forbrukarar vil det ikkje vere naudsynt for apoteka, nettapoteka og daglegvarebutikkane å konkurrera om legemiddelkundane, og dei vil då kunne setja høgare prisar. Ditt medvit om prisane kan både bidra til at du sparar nokre kroner på kvar handel, og til at konkurransen mellom dei ulike aktørane blir sterkare. Det vil vi alle kunne nyte godt av i form av lågare legemiddelprisar.
Korona har fått mange nordmenn til å nytte nye plattformer for kjøp av legemiddel. Ta med deg denne kunnskapen også etter at samfunnet er tilbake i normalt
gjenge. Og hugs, med enkle søk på nettet kan du finne store prisskilnader på eitt og same produkt.
Kronikken stod på trykk i Bergens Tidende 29. april 2020.