Lars Sørgard er utnemnd til konkurransedirektør

Lars Sørgard er i statsråd i dag utnemnd til konkurransedirektør. Sørgard kjem frå stillinga som sjeføkonom i Konkurransetilsynet.

– Eg er svært glad for at Lars Sørgard i dag er utnemnd til ny konkurransedirektør. Sørgard har ein unik bakgrunn. Saman med kompetente medarbeidarar er tilsynet og KOFA no topp rusta for eit viktig arbeid til beste for forbrukarar og bedrifter, seier næringsminister Monica Mæland  i pressemeldinga frå departementet.

Pressemelding fra Nærings- og fiskeridepartementet »

Lars Sørgard er tilsett på åremål for seks år, med mogleg forlenging i ytterlegare éin periode. Han tiltrer stillinga måndag 25. januar.

– Eg er veldig fornøgd med at vi får ein internasjonalt fagleg anerkjent leiar. Sørgard har gode formidlingsevner og ambisjonar om å sette konkurranseutfordringar på dagsordenen, seier Mæland.

Lars Sørgard
Sørgard har bakgrunn som professor ved NHH. Han har fagleg spisskompetanse innanfor konkurransepolitikk og har vore svært aktiv innan både undervisning og forsking. Sørgard har vore ein sentral person i å utvikle det sterke fagmiljøet innan konkurransefeltet, og har mellom anna vore sentral i oppbygginga av BECCLE (Bergen Center for Competition Law and Economics). Lars Sørgard har leiarerfaring frå NHH-miljøet, mellom anna som forskingssjef ved SNF (Samfunns- og næringslivsforsking) der han også har vore styreleiar.

Lars Sørgard var den første sjeføkonomen i Konkurransetilsynet, i perioden 2004-2007, og var dermed sentral i å bygge opp Konkurransetilsynet etter flyttinga til Bergen. Sørgard er ein etterspurt føredragshaldar og kompetanseperson internasjonalt. Han har også deltatt i ei rekke offentlege utval, mellom anna utvalet som kom med forslag til revidert konkurranselov i 2012.

Portrettbilde av konkurransedirektør Lars Sørgard.
Lars Sørgard, konkurransedirektør.