Mads Magnussen tek over som konkurransedirektør

Mads Magnussen har starta i stillinga som konkurransedirektør i Konkurransetilsynet. Han får ansvar for å leie arbeidet med å fremje effektiv konkurranse i marknadene til beste for forbrukarane og næringslivet.

Eg gler meg til å ta fatt på ei av dei mest spennande jobbane som finst. Konkurransetilsynet har ei viktig samfunnsoppgåve, og eg ser fram til å arbeide saman med alle dei flinke folka som bidreg til at konkurransen fungerer best mogleg, seier Magnussen.

Magnussen er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har ein mastergrad frå London School of Economics and Political Science (LSE). Han har mange års erfaring med EU/EØS- og konkurransesaker, mellom anna frå EFTA-domstolen, som juridisk direktør i Konkurransetilsynet og som partner og avdelingsleiar i Wikborg Rein Advokatfirma. Han har òg lang erfaring som dommar.

Mads Magnussen er tilsett på åremål for seks år.

52204
Konkurransetilsynet

Pressetelefon: 47 66 77 77