Magnus Gabrielsen fungerande konkurransedirektør

Magnus Gabrielsen tiltredde som leiar av Konkurransetilsynet 1. september 2015.

– Eg gler meg til å leie eit tilsyn som har ei aktiv og viktig rolle i å sikre sunn konkurranse til beste for norske forbrukarar, seier fungerande konkurransedirektør Magnus Gabrielsen.

Konkurransetilsynet har det siste året gjennomført rekordmange bevissikringar og behandla ei rekke store fusjonssaker. Av desse har fleire enda med at det er gjort inngrep.

– Vi skal møte næringslivet med respekt og profesjonalitet, og vi skal framleis halde eit høgt internasjonalt fagleg nivå i arbeidet vårt, seier Gabrielsen.

Bakgrunn
Gabrielsen har lang erfaring frå Konkurransetilsynet og har hatt ulike leiarstillingar i tilsynet dei 10 siste åra. Sidan 1. januar 2012 har han vore avdelingsdirektør i avdeling for mat, handel og helse. Han har arbeidd i tilsynet sidan 1997.

Gabrielsen er utdanna sivilagronom frå dåverande Norges Landbrukshøgskole i tillegg til at han er cand.oecon. frå Norges Handelshøyskole.

Gabrielsen vil ha alle fullmakter som fungerande konkurransedirektør og vil fungere til Nærings- og Fiskeridepartementet tilset ny konkurransedirektør.

Portrettbilde av avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen i Konkurransetilsynet.
Avdelingsdirektør Magnus Gabrielsen.