Mykje å spare på drivstoff om du følgjer med

Ny kartlegging viser at prisane på bensin og drivstoff blir sett opp sjeldnare enn før og at det er større prisforskjellar mellom høgste og lågaste pris i løpet av veka. Merksame bilistar kan spare 300 kroner på ei fylling på 60 liter.

Konkurransetilsynet har no kartlagt prismønsteret i den norske drivstoffmarknaden frå oktober 2023 til og med mars 2024. Den viser ei endring i kor ofte prisen på bensin og diesel blir sett opp i veka. Der det før var vanleg med to til tre prisoppgangar i veka, ser det no ut til at prisen blir sett opp ein til to gonger i veka. Prisoppgang kan skje på alle dagar i veka. Det vanlegaste er ein kombinasjon av prisoppgang måndag eller tysdag og fredag i veker med to prisoppgangar, og onsdag i veker med ein prisoppgang.

Dager med prisløft (%)

– Kartlegginga viser at det kan gå alt frå 2-7 dagar mellom kvar gong prisane blir sett opp. Alle dagar kan vere ein dag for prisløft, sjølv om fredag er den dagen prisane oftast blir sett opp, seier seniorrådgjevar Stig Torje Bjugn i Konkurransetilsynet.

Andre funn frå kartlegginga er at prisaukane skjer seinare på dagen enn tidlegare og at det varierer meir kor tid dei ulike kjedene set opp prisane på sine stasjonar. Endringane kan tyde på at det har blitt vanskelegare for kjedene å gjennomføre nasjonale prisløft. Det kan i tilfellet vere bra for oss forbrukarar.

Det er òg større skilnad mellom høgste og lågaste pris i løpet av veka. I perioden som kartlegginga er gjort, viser det seg at det vanlegaste er at det er rundt fem kroner i skilnad mellom høgste og lågaste pris. Dersom du fyller 60 liter, kan du fort spare opptil 300 kroner ved å fylle når det er billegast.

– Det er store lokale skilnader. Jo større skilnad mellom topp og botn, desto sterkare er den lokale konkurransen. Det kan faktisk variere frå 0-6 kroner. Dette betyr at det er mykje pengar å spare ved å fylle på rett tid og stad. Om mange nok kundar i eit område er prisbevisste, kan det bidra til sterkare konkurranse, fordi då løner det seg å vere billegast, forklarer Bjugn.

Bilistane bør følgje med på kva som er eit lågt og høgt prisnivå. Dette vil variere over tid på grunn av svingingar i innkjøpsprisar, og mellom områder på grunn av ulik konkurranse og transportkostnader. Det løner seg å fylle der og når det er billigast, òg når tanken ikkje er tom. Med sjeldnare prisoppgangar vil prisane vere på eit relativt sett lågt nivå oftare enn tidlegare, men mest mogleg pengar sparar ein dersom ein klarar å fylle formiddagen på dagen det er prisoppgang.

Kjeder med berre ubetente stasjonar set som regel prisane opp seinast på dagen, og ubetente stasjonar har typisk lågare pumpepris enn betente. Mindre kjeder som ikkje følgjer prismønsteret finst fleire og fleire stader og bidreg ofte til betre konkurranse der dei er. Det kan ofte løne seg over tid å fylle hos dei.

Sjå fakta og grafar nedanfor.

Antall prisløft per uke (%)

Nasjonale gjennomsnittsprisar basert på prisar frå kjedene Circle K, Shell, Esso, Best og Uno-X (inkludert YX 7-Eleven). 

Kombinasjoner av dager med prisløft per uke (%)

Antall dager mellom prisløft (%)

Fakta drivstoffprisar:

  • Drivstoffprisane i den norske marknaden følgjer eit bestemt mønster. Pumpeprisane blir sett markant opp nokre dagar i veka, for så å bli gradvis justert ned. Dei fleste stasjonane i Noreg gjennomfører aukinga i løpet av nokre timar, medan justeringa ned skjer i ulikt tempo på ulike stader.
  • Prisane løftast på ulike dagar frå veke til veke.
  • Prisane varierer mykje både i løpet av veka og mellom ulike lokalområde.
  • Fram til 2017 auka drivstoffkjedene prisane fast kvar måndag og torsdag.
  • I desember 2017 starta Circle K og YX å løfte pumpeprisane på dei dagane dei oppdaterte rettleiande listeprisar på sine nettsider.
  • Konkurransetilsynet meinte at publiseringa av framtidige listeprisar på nett fungerte som eit signal til konkurrentane om når og til kva nivå pumpeprisane skulle auke og at denne typen åtferd kunne utgjere eit ulovleg samarbeid.
  • Circle K AS og YX Norge var ikkje einige i Konkurransetilsynet si bekymring, men forplikta seg likevel hausten 2020 til å slutte med å publisere listeprisar på nettsidene sine.
  • Prisane løftast no på ulike dagar frå veke til veke. Prisane varierer mykje både i løpet av veka og mellom ulike lokalområde.
  • Konkurransetilsynet har sidan 2016 hatt ein særskilt overvaking av drivstoffmarknaden som blant anna inneberer at aktørane må sende inn prisdata to gangar i året. Dei fire største kjedene er òg pålagt ei særskilt opplysningsplikt for foretakssamanslutningar.
39954
Portrettbilde av Stig Torje Bjugn
Stig Torje Bjugn, økonom i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: 47 66 77 77