Norgesgruppen får kjøpe Tiger

Konkurransetilsynet har i dag gitt løyve til at Norgesgruppen ASA får kjøpe Tiger AS, kioskverksemda til Esso Norge AS.

Tiger står i dag for kioskdrifta på Esso sine 128 eigeneigde bensinstasjonar.  Norgesgruppen eig kioskkjedene Mix og Deli de Luca, og Fresh-konseptet som blir nytta på mange av Shell sine bensinstasjonar. I tillegg har Norgesgruppen verksemd i daglegvaremarknaden.

– Konkurransetilsynet har etter ei grundig vurdering kome til at oppkjøpet ikkje vil medføre ei vesentleg avgrensing av konkurransen, og dermed får Norgesgruppen løyve til å gjennomføre det, seier fungerande avdelingsdirektør Øyvind Nilssen.

Konkurransetilsynet skal vurdere konkurranseavgrensande verknader av fusjonar og oppkjøp. Tilsynet har vurdert oppkjøpet av dei 128 bensinstasjonskioskane ut frå eit lokalt og nasjonalt perspektiv. Tiger er ein av Norgesgruppen sine konkurrentar i marknaden for sal av kioskvarer frå kioskar, bensinstasjonar og daglegvarebutikkar.

I vurderinga av oppkjøpet har Konkurransetilsynet innhenta omfattande informasjon og gjennomført analysar av fleire konkurransemessige problemstillingar. Undervegs i saksbehandlinga vart tilsynet orientert om at samarbeidet mellom St1 (tidlegare Shell) og Norgesgruppen om Fresh-konseptet skal avsluttast frå nyttår. Dette medverka til å redusere tilsynet sine bekymringar knytte til oppkjøpet.